Det er Høgre og samarbeidspartnarane Multiconsult og Jon Hamre som har kome fram til denne løysinga. Avsporinga ved Hallingskeid i vinter, der eit Signartur-tog nær hadde gått i dalbotnen, har fått Høgre sine lyntogstrategar til å sjå nærare på trasévalet. I det opphavlege materialet som vart gjeve ut sist haust, går lyntoget over Finse. Men planleggjarane har no kome fram til at det ikkje er nokon vits i å gå over Finse når lyntoget likevel ikkje har tid til å stoppa der.

45 kilometer lang tunnel

Den beste løysinga då vert å leggja sporet litt lenger sør, og det betyr under Jøkulen, i ein ca. 45 km. lang tunnel. Halleraker ser då for seg ein opning ut mot Simadalen i Eidfjord for å verta kvitt steinmassane.

Ein føremon til med dette, er at bana då berre vil stiga til ca. 1000 meter, mot 1220 meter ved Finse.

Parallelt med dette arbeider tyske jernbaneekspertar med å utgreia spørsmålet om det det i det heile løner seg å satsa på lyntog i Noreg. Arbeidet skal vera ferdig i september i år.

Kritisk for gods

Samstundes vert det meir og meir kritisk med plassen på dagens einspora bane mellom Bergen og Oslo.

— Tiltaka som den forrige regjeringa sette i verk, med skipinga av CargoNet og utbetring av tunnelane, har ført til ein 80 prosents auke i godstrafikken på Bergensbana over dei siste 4 åra. No går 60 prosent av godstrafikken aust-vest på bane. Det betyr 100.000 færre vogntog på vegane. Men no greier ikkje jernbanesporet å svelgja unna meir, seier Øyvind Halleraker.

Saman med partileiar Erna Solberg og Trond Helleland har Halleraker fremja eit såkalla dok.8-forslag i Stortinget om ein handlingsplan for utbygging av kryssingsspor på Bergensbana for å løysa opp køproblema.

Arkiv