Neste fase i utgreiingane som tyske konsulentar har gjort om høgfartsbane i Noreg, blir lagt fram på Lillestrøm 5. november. Der er det venta at baner til Vestlandet blir drøfta, i tillegg til høgfartstog på strekningane Gøteborg-Oslo-Trondheim, som tyskarane prioriterte på topp i den første fasen.

Ringeriksbanen er med

Banen til Bergen vil, etter det Bergens Tidende forstår, inkludera Ringeriksbanen. Denne omstridde strekninga mellom Hønefoss og Sandvika inngår ikkje i dei to framlegga som til no har vore lansert: Haukelibanen til Jørg Westermann og Den Sørnorske Høgfartsringen som mellom andre stortingsrepresentant Øyvind Halleraker har stilt seg bak. Sistnemnde satsar på Numedal i staden for Hallingdal frå Oslo til Geilo.

Få stopp

Det er venta at eit lyntog mellom dei to største byane i landet vil kapra minst halvparten av flytrafikken på strekninga.

Kvart stopp på ein høgfartsbane aukar reisetida med rundt ti minutt. Difor vil det neppe bli meir enn fire stopp undervegs. Mellom Bergen og Oslo blir det venteleg stopp på Voss, Geilo, Hønefoss og kanskje ein stasjon til, neppe Arna. Eit avgjerande moment her, er om toget er ute av fjellet i nærleiken av tettstadene.

Matetog

Opplegget vil gje noverande Bergensbane ei rolle som matetog til lyntoget og vera eit alternativ for turistar og andre som vil roa ned, og sjå seg om på togturen. Trafikken på Flåmsbana vil få Voss som utgangspunkt.

LYNRASKT: Lyntog mellom Oslo og Bergen vil korte ned reisetiden til bare litt over to timer. Illustrasjonen viser et fransk lyntog av typen TGV.ILLUSTRASJON: GOOGLE MAPS/WIKIPEDIA/JON TUFTO