Det er sving over planane for det nye jernbanesambandet mellom Bergen og Oslo over Haukeli. Dersom Stortinget ein dag seier ja til planane, kan vi i framtida ta toget til Kvam stasjon ved Hardangerfjorden på ca. 20 minuttar.

Jondal stasjon på andre sida er då berre to minuttar unna, for toget susar over fjorden i 100 kilometer i timen på ei flytebru, om lag som på Nordhordlandsbrua.

Men med ein viktig skilnad.

— Vi tenkjer oss ein 75 meter brei kanal gjennom Belsnes, der brua kjem i land. Brua over denne kanalen skal kunna lyftast opp for å sleppa forbi lasteskip eller cruiseskip, seier planleggjaren av Haukelibana, Jørg Westermann, til Bergens Tidende.

Bru for tog og bil

— Ville det ikkje vera betre med ei hengebru for å sleppa stogg i trafikken?

— Det kan du seia. På ei hengebru vil toget kunna køyra fortare enn på ei flytebru, på grunn av rørslene i sjøen. Men ei hengebru vil måtta avstivast og forsterkast svært mykje for å tåla vekta av godstog, seier Westermann.

— Dersom det skal byggjast bru for jernbane over Hardangerfjorden, ville det vel vera naturleg å byggja ho så breid at det vart plass til bilveg óg.

— Ja, det ville vera naturleg å byggja brua for biltrafikk óg. Då kunne vi spart litt pengar ved at det offentlege vart med på finansieringa av brua.

Elles er Haukelibana tenkt finansiert ved lån, slik at byggjekostnaden på 30 milliardar kroner ikkje skal kosta staten noko som helst. Men Westermann ynskjer sjølvsagt at Stortinget skal garantera for lånet. Då får han betre vilkår hjå bankane.

Redd for Bergensbana

Fylkesordførar Gisle Handeland har aldri dekka over at han er skeptisk til Haukelibana. Det gjeld og eit fleirtal i fylkestinget, som har gått mot at fylket skal engasjera seg.

— Det var med støtte i dette fleirtalet eg sa nei til eit tilbod frå Jørg Westermann om å gje ei orientering til fylkeskommunen, seier Handeland til BT.

— Kvifor er du skeptisk til Haukelibana?

— Eg er redd for at planane om bane over Haukeli vil kunna ta merksemda bort frå Bergensbana, der det er investert store summar i opprusting dei siste åra. Framleis må det investerast mykje på Bergensbana. Det er nok å nemna Ringeriksbana. seier fylkesordføraren.

Jørg Westermann opplyser at han ein gong i haust vil be fylkeskommunen om ein uttale til framlegg for traséval gjennom Hordaland.

— Dersom Haukelibana vert ei sak med ein lovpålagt prosess, vil vi sjølvsagt handsama det på ein skikkeleg måte, seier Gisle Handeland.

Interesse i Hardanger

Leiaren i Hardangerrådet, Jondal-ordførar John Skogseth, er ikkje redd for å snakka med Jørg Westermann.

— Vi vil avtala eit møte og be Jørg Westermann orientera Hardangerrådet om sine jernbaneplanar, seier Skogseth til BT. Tilhøvet mellom Jondalstunnelen og planar om jernbanetunnel same vegen mellom Odda og Bergen vil han ikkje kommentera no.

— Vi konsentrerer oss fullt og heilt om å få bygt Jondalstunnelen så snart som råd. No er all merksemd retta mot kva som skjer i saka når Stortinget skal handsama statsbudsjettet for neste år, seier John Skogseth.

Dagleg leiar i Hardangervegen AS, Eilev Instanes, vil heller ikkje kommentera utsiktene for å få vegbru parallelt med jernbanebru over Hardangerfjorden.

— For vegsambandet Odda-Bergen er det mykje viktigare å finna kortaste vegen mellom Kvam og Bergen. Anten med tunnel frå Strandebarm til Tysse eller over mot Eikelandsosen. Der får vi mykje større tidsgevinst pr. krone. Ei bru over fjorden trur eg ikkje på i mi tid, seier Instanes.