TERJE ULVEDAL

Lynest slo ned i kraftstasjonen i Hålandsfossen fem kilometer utanfor sentrum av Dale i Sunnfjord like før halv åtte i dag tidleg.

Ein transformator tok til å brenne, og dei tilsette blei evakuerte. Brannvesenet fekk raskt kontroll over brannen.

— Det er ikkje gjort store skader, men oljen i trafoen gjorde at det var stor røykutvikling, fortel lensmann Ivar Egil Wold til bt.no.

Like før klokka ni fekk folk i Dale straumen tilbake.