I ei pressemelding beklagar styret for Stiftinga Lyngheisenteret at Kvamme har sagt opp, sjølv om dei forstår grunngjevinga hans: Dei utilstrekkelege og usikre økonomiske rammene som senteret må leva med.

Må permittere

Direktørstillinga vil ikkje bli lyst ut no. I ein overgangsfase vil arbeidsutvalet for Lyngheisenteret også ta hand om drifta. Og styreleiar Vike varslar tøffe tak:

— Vi er fullbooka med undervisning ut september, men kjem til å trappe ned frå oktober, og ha absolutt minimumsbemanning i vintersesongen, seier han. Til vanleg er det seks stillingar ved Lyngheisenteret.

Samtidig står eit heilt nytt overnattingstilbod på Ytre Lygra snart klar til å ta i mot gjester. Det er grunneigar Jacob Lygren Døskeland som frå oktober kan tilby 20 overnattingsplassar i den restaurerte Lensmannsstova.

— Det vert eit utruleg flott og kulturhistorisk tilpassa gjestetun, seier Vike. Grupper som er på faglege kurs og konferansar, eller studentar frå Universitetet i Bergen, kan no bli på Lygra i fleire dagar i strekk, og tanken er at dette skal styrke driftsgrunnlaget både for senteret og gardsbruka på Ytre Lygra.

Den 13. nasjonalparken?

Men nedskjeringar og nye tilbod er langt frå nok for å betre økonomien for Lyngheisenteret. Trass i eit stortingsvedtak i 1997 om fullfinansiering av senteret, er det ikkje følgt opp. Senteret har aldri fått plass på statsbudsjettet. Situasjonen er ekstra komplisert ved at Lyngheisenteret er i ei ventestilling på to ulike felt: Den pågåande omlegginga av finansieringa for halvoffentlege museum, og dei nasjonale verneplanane for kystlandskapet, som ser ut til å liggja nokre år fram i tid.

— Vi er ikkje eit tradisjonelt museum som stiller ut ting, derfor fell vi utanfor. Men det burde vore ganske enkelt for staten å gjere Lyngheisenteret til landets 13. nasjonalpark, den første i eit kystlandskap, påpeikar Jostein Vike. Styret skriv i pressemeldinga at det er eit paradoks når UNESCO og EU gir Lyngheisenteret høg anerkjenning, medan det blir stilt krav til eigeninntening langt ut over det nivået som er vanleg ved andre institusjonar Lyngheisenteret kan samanliknast med.

Uhilda evaluering

— Når vil det bli tilsett ein ny direktør ved Lyngheisenteret?

— No skal ein uhilda konsulent evaluere drifta av Lyngheisenteret. I vår løyvde Miljødepartementet og Landbruksdepartementet til saman 100.000 kroner til dette, og Fylkesmannen skal denne veka setje i gang prosjektet. Først når ei slik evaluering er klar vil stillinga bli utlyst. Men om den nye leiaren for Lyngheisenteret skal ha direktørtittel, må vi også kome tilbake til, seier Jostein Vike.