Folk i Øygarden og nordre delar av Fjell var straumlause etter eit lynnedslag rundt klokka 11 laurdag føremiddag.

Same kveld om lag klokka 19.30 fall forsyninga ut i Rong-området, og feilen vart lokalisert til eit transformatoranlegg i Rong forretningssenter. BKK-montørane arbeidde for fullt utover natta.

Klokka 3.20 kunne dei kople inn dei siste kundane.

— Vi har hatt fleire straumbrot i Øygarden i dag på grunn av lynnedslaget. Vi jobbar no med å rette dette opp, men det er vanskeleg å seie når straumen kjem tilbake. Det er snakk om ganske kompliserte feil i straumnettet, Ingunn Halvorsen i BKK til bt.no laurdag kveld.

Helge Havstein på Turøy var utan straum det meste av laurdagen.

— Det har vore av og på. No har vi vore utan straum i fire timar, fortalte han.

Lyn og torden skapte fredag ingen vesentlege straumbrot.

Les også:

Bulder og brak over Bergen