• Braket fekk meg til å spretta rett opp or senga, fortel Sigbjørn Dalatun i Skiparkleiva. Huset han bygde i 1987 er totalt øydelagt etter lynnedslag.

Svære hol i taket, knuste dører og vindauge, fortel om dramatikken i huset like ved Gullfiskvatnet på Porsmyrvegen mellom Øystese og Fyksesund. Lynet slo ned mellom klokka kvart over eitt og halv to, natt til i går.

— Røykutviklinga gjorde at eg måtte få dottera mi (15) ut av soverommet hennar i ein fart. Eg leita rundt i stummande mørket før eg fann fram, men det gjekk heldigvis bra, fortel Sigbjørn Dalatun til Bergens Tidende.

Kona Hanne og sonen på 18 år, kom seg begge ut på eiga hand.

— Det står bra til med oss alle. Vi har flytta inn i eit bustadhus på garden som har stått tomt ei tid, fortel han.

Borna held seg heime frå skulen i går. Det kan vera godt å roa seg ned litt, før ein gjev seg i kast med omverda etter ei slik hending.

— Eg er bygningsmann, men det som står att å gjera her, er gravemaskinarbeid, seier Sigbjørn Dalatun, og ser på dei sørjelege restane av familiehuset på gardsbruket Nymark i Skiparkleiva.

Ekspertane trur at huset fekk eit direkte treff av lynet. Sannsynlegvis trefte det ventilasjonshetta attmed skorsteinen. Her er det lufting for kloakken, og ein kanal til varmegjenvinningsanlegg. Lynet kveikte brann i eit kott i andre høgda, og derifrå spreidde elden seg raskt. Det som ikkje lynet og flammane øydela, tok røyken og brannvernet seg av. Dei måtte slå seg gjennom for å koma til med vatn.

— Alt tyder på at lynet slo rett ned i huset, hadde det fylgt dei elektriske leidningane, ville det ha gått via løa, og blitt stogga av spenningsvernet der, forklarer Dalatun.

Og det er ikkje lenger sidan enn sist helg, at han sist var utsett for brann. Saman med jaktkameratar overnatta han i eit sel ved Hamlagrø. Der tok det til å brenna i taket. Ikkje av lynnedslag denne gongen, men grunna dårleg brannisolering rundt pipa. Heldigvis fekk dei sløkt brannen tidleg.

GRAVEMASKINARBEID: Her er det berre å setja gravemaskin til å riva resten av huset, meiner huseigar Sigbjørn Dalatun, som sjølv er bygningsmann.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH