— Folk har ringt oss frå fjern og nær, og fortald at det lynar og tordnar, seier vakthavande meteorolog Unni Nilssen ved Vêrvarslinga på Vestlandet til BT.

Skulda hadde ein kaldfront frå Nordsjøen, som passerte over Vestlandet i går kveld på veg austover. Spetakkelet oppstod, då den kalde lufta møtte den varme.

For tidlegare på torsdag kunne Vestlan-det skilte med relativt høge maksi-mumstemperaturar, blant anna 20,5 grader i Bergen, 24,7 på Vossevangen og over 26 grader på Sunndalsøra. Så varmt blir det ikkje fredag, men relativt brukbart blir véret likevel.

— Vi får opphaldsver og sol om ettermiddagen, og temperaturar opp mot 14-15 grader på dagtid, opplyser Nilssen.