I Eltravåg i Sveio vart ei løe totalskadd i brann. Heldigvis var det ikkje dyr i løa, men ein traktor og noko anna utstyr vart skada.

Like utanfor Haugesund og på Torvastad på Karmøy tok det fyr i to hus, også det etter lynnedslag.

Eit av husa fekk brannskadar på loftet, det andre fekk berre mindre skadar.

Også i eit sikringskap i Leirvik sentrum tok det fyr torsdag kveld. Også her trur ein lyn har skulda. Det fortel Harald Myklebust, operasjonleiar i Haugalandet og Sunnhordland politidistrikt.