Lastebilen, ein semitrailer, kom i fylgje politiet for langt ut på vegkanten slik at vegskuldra ga etter. Bilen velta ut av vegen like før klokka tre i går ettermiddag.

Luten var oppbevart i tre tankar. Minst ein av tankane sprang lekk, opplyser vaktsjef Odd Arne Solvåg ved Sogn og Fjordane Politikammer.

Sjåføren er ikkje skadd og det er ingen mistanke om promillekøyring, seier Solvåg.

På grunn av den farlege lasta tok det nesten tre timar før redningsarbeidet kom i gang.

Mannskap frå Norsk Gjenvinning tok hand om lasta, og vegen vart steng frå 17.30. Redningsarbeidet var avslutta og bilen halt opp på vegen like før klokka ni i går kveld.

Ikkje skadd. Sjåføren kom uskadd får velten mellom Førde og Jølster i går, men 1000 liter lut rann ut i grunnen.
Foto: Oddleiv Apneseth