Mellom 30 og 40 prosent av alle oppdrettsanlegg i området hadde for mykje lus på fisken i haust. Samstundes er lakselus i ferd med å bli motstandsdyktig mot kjemikala som blir brukt for å halde nede parasitten.

Mattilsynet er uroa, og fryktar problema vil blusse opp att når det blir varmare i sjøen.

Oppdrettarar som «over tid» — ifølgje Mattilsynet - har for mykje lus på fisken vil få påbod om å slakte ut heile anlegget sjølv om fisken ikkje har nådd planlagt slaktevekt.

Tilsynet ventar at eit «betydelig antall anlegg» kan få slike påbod i sommar og haust og slår fast at eit slikt påbod kan koste einskildoppdrettarar store summar.

Omfattande omorganisering

Varselet om omfattande tvangsslakting i kjem eit framlegg om ei omfattande omorganisering av oppdrettsnæringa i Hardanger og Sunnhordland, som Mattilsynet sende ut på høyring i går ettermiddag.

Området skal delast i sju soner, og innanfor kvar sone skal oppdrettarane drive i takt, frå utsetjing til utslakting, med ei to-månaders periode utan drift i sona til slutt.

Poenget er å redusere livsgrunnlaget for lakselusa. Prikken over i-en blir brakkleggingsperioden før utsett av ny laks.

Den skal syte for at lakselusa i eit område ikkje har oppdrettsfisk å snylte på lenge nok til at storparten av parasittane døyr.

Deling av området i sju soner er langt på veg same modell som oppdrettsnæringa sjølv har gjort framlegg om.

Mogleg ny runde

Eitt problem, sett frå oppdrettarane si side, er at den nye organisering gjer det vanskelegare å halde ein jamn produksjon for oppdrettsselskap som har alle sine anlegg samla i ei eller få soner.

Det problemet vil oppdrettarane prøve å løyse ved ein omfattande brakkleggingsperiode om plassering av anlegga selskapa mellom.

Men alt før oppdrettarane har fått tilpassa seg den nye soneinndelinga, må dei byrje å bu seg på ein mogleg ny omorganisering.

I høyringsutkastet skriv Mattilsynet at forskrifta som no er lagt på bordet berre er første steg på vegen mot ein meir robust, berekraftig og framtidsretta oppdrettsstruktur.

Både Havforskningsinstituttet og Veterinærinstituttet ville at heile Sunnhordland og Hardangerfjordområdet skal vere ei sone, ikkje sju.

Korleis skal ein halde nede lakselusa? Diskuter her.

PARASITT: Dette er ein sjøauresmolt som er hardt angripen av lakselus. (Arkivfoto)