Dei siste teljingane viser at mengda lakselus er redusert frå november til desember i følgje ei pressemelding frå tilsynet. Behandling mot lakselus saman med kaldare vatn er årsak til nedgangen. Men administrerande direktør Joakim Lystad er ikkje nøgd.

– Lusenivået er trass nedgang framleis høgt og faren er ikkje over. Lusenivået må ytterlegare ned til våren, seier han.

I vinter og tidleg i vår skal det gjennomførast til samordna avlusingar av oppdrettsfisken langs heile kysten. Målet er få lus i fjorden når villaksen vandrar ut frå elvane for å vekse seg stor i havet.