-
MINDRE ENN FØR: Mengda av lakselus går tilbake, men det er framleis ikkje godt nok.
Lusefaren ikkje over
Trass i færre lakselus på oppdrettsfisken er faren ikkje over, meiner Mattilsynet.
AV: ogne øyehaug
Publisert:
Oppdatert:
Dei siste teljingane viser at mengda lakselus er redusert frå november til desember i følgje ei pressemelding frå tilsynet. Behandling mot lakselus saman med kaldare vatn er årsak til nedgangen. Men administrerande direktør Joakim Lystad er ikkje nøgd.
Les også
– Lusenivået er trass nedgang framleis høgt og faren er ikkje over. Lusenivået må ytterlegare ned til våren, seier han.
I vinter og tidleg i vår skal det gjennomførast til samordna avlusingar av oppdrettsfisken langs heile kysten. Målet er få lus i fjorden når villaksen vandrar ut frå elvane for å vekse seg stor i havet.