— Ein svært høg infeksjonsgrad så tidleg på året, seier seniorforskar Pål Arne Bjørn ved Nofima Marine om funn av lakselus på sjøauren.

I samarbeid med Havforsknings-instituttet og Norsk institutt for naturforskning har Nofima Marine drive garnfiske etter sjøaure i indre, midtre og ytre deler av Hardangerfjorden. Tilstanden var god i indre delar av fjorden, men forverra seg lenger ute.

Fisket vart gjort i førre veke. Målet var å fange nok fisk til å kunne fastslå i kor stor grad den var angripen av lakselus, ein liten krepseart som beiter hol på skinnet og skadar eller tek livet av fisken. På grunn av oppdrettsnæringa har lakselusa fått langt større næringsgrunnlag enn før, så stort at den vert rekna som eit alvorleg trugsmål mot sjøaure og villaks.

— Vi har fiska på den minste sjøauren, 50-150 gram. 50 lus på ein 50 grams sjøaure vil gi alvorlege skader eller ta livet av fisken, seier Bjørn.

200 lus på ein fisk

18 sjøaurar vart fiska i ytre delar av Hardangerfjorden, i og ved Etnefjorden. Berre ein var lusefri. I gjennomsnitt hadde kvar sjøaure mellom 40 og 50 lus på seg, og den verst råka fisken hadde 200 lus.

— Skal vi bruke villfisk som ein indikator så er infeksjonsnivået monaleg for høgt i dei ytre delane av Hardanger, seier Bjørn.

Nett no er lusetilstanden i fjorden kritisk for villaksen. Dette er tida ungfisken (smolten) skal vandre frå elvane og til havs for å vekse seg vaksne. Tommelfingerregelen er at smolten stryk med om ti lus greier å knipe seg fast i skinnet.

Også sjøauren og sjøauresmolten er sårbar for luseåtak. Den kan trekkje opp i elvane igjen for å kvitte seg med lus, sidan lusa ikkje overlever i ferskvatn. Problemet ved ei slik flukt er at i elvane er det lite mat å finne.

Negativ overrasking

Det vekte sterke reaksjonar hos sportsfiskarar då det i fjor vart oppdaga ei stor lakseluseoppblomstring om våren og forsommaren.

Både oppdrettarane og styresmaktene skjerpa innsatsen for å halde lakselusa i sjakk. Mattilsynet fekk mynde til å samordne avlusingstiltak langs heile kysten. Vona var at tiltaka skulle hindre ei ukontrollert oppblomstring i vår.

— Dette var ei negativ overrasking, seier seniorrådgjevar Ragnar Thorarinsson, ved Mattilsynet sitt regionkontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane.

No er forskarane i gang med å fisket etter utvandrande laksesmolt, for å måle korleis lusetilstanden slår ut for dei. Den kartlegginga er ikkje ferdig.

Stigande lusemengde

Gjennom Hardanger Fiskehelsenettverk (HF) har oppdrettarane i Hardanger samordna tiltaka sine mot lakselus gjennom fleire år. Det handlar om overvaking av tilstanden og felles avlusingstiltak for å hindre at lus skal blomstre opp.

Oppdrettarane sine målingar, som vert gjort ved å telje lus på fisken i oppdrettsanlegga, viser at det er mindre lus på oppdrettsfisken i år enn på same tid i fjor. Men det er stigande lusemengde i ytre deler av Hardangerfjorden. Målingane er tilgjengelege på nettstaden www.lusedata.no.

I veke 22-23, perioden vi er inne i no, har talet på lus passert grensa som gjer at oppdrettarane må sette inn tiltak for å avluse fisken. Det gjeld både talet på kjønnsmoden holus (grensa er 0,25 lus per fisk) og det totale talet på lus (2,5 lus per fisk).

Ventar betring

I følgje Randi Haldorsen i Hardanger Fiskehelsenettverk har fleire oppdrettarar avlusa anlegga sine dei siste dagane, og ho ventar ei betring i løpet av dei neste to vekene.

I ettertid meiner HF at nokre oppdrettarar burde ha vore raskare til å avluse anlegga sin då dei såg grenseverdiane vart nådde. Kombinert med rask stigande sjøtemperatur og høgt saltinnhald gav dette lusa rom til å formeirer seg. For dårleg samordning av avlusingstiltak regi av Mattilsynet i vinter har også verka negativt inn, ifølgje Haldorsen.

Bergens Tidende