— Nokre stader er det målt meir enn 15 grader heilt nede på 15 meters djup. Det gjer lusa mindre aktiv med å søkja vertar, seier Ragnhild H. Malkenes i Fiskehelse og Miljø AS. Ho er regional koordinator for Vestlandet i oppdrettsnæringa sin kamp mot lakselusa.

Etter oppblomstring av lakselus på forsommaren, viser teljingar i Rogaland og Hordaland denne veka at luseproblematikken er noko på retur i oppdrettsmerdane i dette området, ifølgje Malkenes.

— Vi oppdaga det same sommaren 1997 og 2002, at sjøen såg ut til å bli for varm for lusa i det sjiktet den plar opphalda seg. Kva som er årsaka, veit vi ikkje sikkert, seier Ragnhild H. Malkenes.

Parasitt på parasitt

Biologiprofessor Are Nylund ved Universitetet i Bergen arbeider med å granska samanhengen mellom parasitten lakselus og høg sjøtemperatur.

— Vi veit at lusa er infisert av fleire parasittar, bakteriar og virus. Desse kan kanskje spela ei rolle når temperaturen kjem over femten grader. Men vi har enno ingen klare svar, seier Nylund til nettstaden kyst.no.

— Det er kjent frå insektverda at enkelte virus hos bananfluger påverkar evna deira til å ta opp oksygen, og at dei kan døy av kveling ved kraftige infeksjonar. Vi har funne nærslekta virus hos lakselus, men har ikkje testa kva effekt dei har på lusa, seier Are Nylund.

Ikkje slappa av

Årets varme sommar betyr langt frå at oppdrettsnæringa kan slappa av i kampen mot lakselusa, parasitten som kostar næringa opp mot to milliardar kroner i året. Etterspørselen etter berggylte og annan reinsefisk er stadig stor, og eksperimenteringa med nye avlusingsmetodar og lukka anlegg er intensivert.

Innmelding frå oppdrettarane viste sist veke eit gjennomsnitt på 0,9 lus pr. fisk i 524 norske anlegg, mot 0,6 lus pr. laks i same veke i fjor. Sjøtemperaturen på tre meters djup var i snitt 14,5 grader i veke 30 i år mot 13,4 grader i same veke i fjor. Talet på den eggleggjande vaksne holusa låg begge år stabilt på 0,1 pr. fisk.

Verst i vest

Teljingane sist veke viser at oppdrettsfisken i Sogn og Fjordane og Hordaland var mest luseutsett, med høvesvis 1,6 og 1,2 lus pr. fisk i dei 166 anlegga som rapporterte frå dei to fylka. Det var godt over snittet frå same periode i fjor, det same var sjøtemperaturen som viste kring 16 grader i år mot vel 14 i fjor.

Saman med Sør-Trøndelag har Hordaland og Sogn og Fjordane denne sommaren hatt størst innslag av vaksen holus i laksemerdane, med eit gjennomsnitt på 0,20 og 0,22 eksemplar pr. laks i veke 30, ifølgje lusedata.no.