ARNE HOFSETH

— Det materialet som forskarane legg fram, syner at einaste sjansen til å få attende så mykje laks at det monnar, er å sleppa smolten heilt ute i havstraumen, seier Karl Magne Bolstad på Bolstadøyri til Bergens Tidende.

Problemet er å kunne samla opp smolt i store mengder, helst 50.000, slik at dei kan slepast. Til no er det ikkje utvikla nokon oppsamlingsteknologi som funkar i Bolstadelva når ho går flaumtung. Smolteskruen som tidlegare er prøvt, fangar rundt 700 i døgeret og ei storruse går full av rekved før du veit ordet av det. Klekkeriet har ikkje stor nok kapasitet, og dessutan er natursmolt meir robust.

— På bakgrunn av alle millionane som er brukt til forsking, er det på tide med praktiske tiltak som kan gje oss laksen attende. Elles har forskinga lite for seg, seier Bolstad til Bergens Tidende.

Og forskarane er heilt einig med han i det. Berre dei siste fem åra er det forska for 25 millionar kroner. Femteparten er betalt av BKK, resten av det offentlege. Forskinga har gitt svar på mange spørsmål, men mange står att.

— Problemet er likevel at vi ikkje har funne fram til praktiske løysingar som kan redda den makalause laksestamma, og vi har ikkje tid til å løysa alle gåtene før det må gjerast noko, seier seniorrådgjevar Roy M. Langåker i Direktoratet for naturforvaltning.

Materialet som har i går la fram på eit seminar på Fleischer's Hotell viser at det alt har skjedd genetiske endringar med villaksen i elva. Skal originallaksen frå Vosso leva vidare må ein bruka stamfisk som for fleire år sidan vart lagt inn i genbanken i Simadal. Der går det no laks av andre generasjon, og tida er i ferd med å renna ut.

Forsøka dei siste åra har vist at smolten må slepast heilt ut til Fedje for at laksen skal overleva. Av smolten som er slept ein kilometer lengre inne, er det nesten berre dei som er vaksinert mot lus som overlever.

Lusa frikjend inst

Forsøk med radiomerka smolt viser at mange ikkje ein gong overlever vandringa ut Bolstadfjorden. Andre stryk med ved Nordhordlandsbrua. Her inne i den indre halvdelen av ti mil lange fjorvarndinga, er det ikkje lusa som drep.

Forskarane har ein mistanke til endra ferskvasstilførsel i Bolstadfjorden i vandringstida, som fylgje av kraftproduksjonen på Evanger. For Norhordlandsbrua er det lansert ein teori om at pongtongane som held brua flytande, kan ha ein ressonnanseffekt à la gitarkasse. Lyd, til dømes frå biltrafikken, kan få smolten til å stoppa opp, og bukka under.

— Så langt er dette berre teori. Til no har vi ikkje forska på dette mysteriet, seier koordinatoren for prosjektet, Bjørn T. Barlup ved Universitetet i Bergen.

Han ventar på reaksjon på eit brev han sende Vegstellet sist vinter.

Forskarane er no sikre på at årsakene til samanbrotet for Vossolaksen ligg på den ti mil lange symjeturen frå Bolstadøyri til Fedje. Dei har også greidd å avgrensa tidsrommet til nokre få veker i mai. Men dei har ikkje peiling på korleis laksestamma kan reddast før det er for seint. Og det er ikkje lenge til.