Pjuskete og folkesky står no den unge vêren i ein garde for seg sjølv heime i sauefjøset hos Helge Grov på Almås på Stord. Dyret blei funne i Stordfjellet sundag, tre månader etter at det skulle ha vore sanka og sendt til slakthuset saman med Grov sine 20 andre slaktelam.

— Ein liten sensasjon at det har klart seg åleine så lenge, seier Tore Atle Sørheim i Stord sau- og geitalslag til avisa Sunnhordland.

Helge Grov har hatt mange turar i fjellet på leit etter det sakna lammet. Først sundag lukkast han, etter at turgåarar hadde sett eit einsleg lam ved Sørlivatnet på Fitjar-sida av fjellet 1.nyårsdag.

— Eg fann sauen takka vera gode hjelparar og sauehunden som dei hadde med seg, seier Helge Grov til bt.no.

Grov reknar med at lammet kom bort frå den urutinerte mora si - ho var berre eitt år - og tusla for seg sjølv. No blir det magre vërlammet mata varsamt med høy, før kraftfôr kjem på menyen. Til våre blir det sannsynlegvis slakta, og endar likevel som anten fenalår eller pin-nekjøt, fortel Helge Grov.

ÅLEINE I VINTERFJELLET: Vêrlammet 3030 blei verande att i Stordfjellet til over jul og nyttår, og forskyvde pinnekjøtterminen med eitt år.
OVE A. OLDERKJÆR