— Dette er eit svik mot trafikantane, seier Høiås om fartstavla som står plassert i 60-sona eit par hundre meter frå Statens vegstasjon i Førde. Vegvesenet erkjenner no at tavla den siste tida kan ha vist 10-12 kilometer for lav fart. Tavla er no tatt ned, medan Vegvesenet og leverandøren Euroskilt kranglar om ansvaret.

Melder til politiet

— Tavla fortalde at eg trygt kunne kjøre minst ti kilometer fortare enn kva speedometeret på min aldrande bil viste, seier Høiås.

— Bilførarar må jo kunne stole på at tavlene som står langs vegane er kontrollert av Vegvesenet, og at dei viser rett fart.

Da Høiås lånte ut bilen sin, fortalde han føraren at speedometeret viste minst ti km feil. Dermed vart vedkommande målt til 82 i ei 70-sone. Bota vil Høiås sjølv betale, men krev at vegvesenet og Euroskilt tar over rekninga.

— Eg fekk sjokk da eg hørte om det som skjedde. Det var slett inga fartsbølle som lånte bilen min, snarare tvert imot. Tavlene skal jo få folk til å slakke ned farten, og da blir jo slik feilvising heilt hårreisande.

Høiås vil politimelde saka like over helga.

Tavla på utlån

Avdelingsingeniør John Veum i vegvesenet seier at tavla har vore på utlån frå leverandøren Euroskilt AS, som ledd i deira marknadsføring, og at den er å sjå på som ein test.

— Men sjåførane som passerer kan jo ikkje vite det, og stolar vel på at tavla angir rett fart?

— Det er nok riktig, seier Veum, som understrekar at tavla er av ein type som er godkjent av Vegdirektoratet. Han tvilar likevel på om vegvesenet kjem til å kjøpe denne tavla.

Arne Nummedal i Euroskilt AS stadfestar at det er dei som har lånt ut og montert tavla for Vegvesenet. Han understrekar likevel at alle skilt og tavler langs vegane er Statens Vegvesen sitt ansvar.

— Plasseringa er valgt av Vegvesenet. Og alle må vere klar over at slike tavler ikkje er noko ein skal kalibrere speedometra sine etter, meiner Nummedal.

Moralsk ansvar?

— Men kven har eigentleg ansvaret for at ei slik tavle står og viser så grovt feil?

— Dersom noko er gale, må jo vi få melding frå Vegvesenet. Deretter vil vi fjerne tavla og prøve å finne feilen, seier Nummedal. - Det vil vi gjere no.

Han utelukkar ikkje heilt teknisk feil på den tyskproduserte tavla, men trur heller at årsaka er at den mobile radartavla har kome ut av stilling.

Informasjonssjef i NAF, Egil Otter, trur neppe at Høiås kan oppnå meir enn ein moralsk siger dersom han går rettens veg mot produsent og vegkontor.

— Det må jo vere sjølvsagt at slike tavler skal vise så korrekt fart som råd er, og dette høyrest rimeleg amatørmessig ut, meiner Otter.

FEKK BOT: Vegvesenet hadde i går pakka saman fartstavla som fekk bilførarar til å tvile på sine eigne speedometer. Roar Høiås vil stille både vegvesen og leverandør til ansvar for bota dette resulterte i. <br/>Foto: PER MARIFJÆREN