— Sonen min har vore så genial at han la att bogen heime, seier ein far litt oppgitt til Kristin Kvam, musikklærar ved Bergen kulturskole. Det er halvannan time til kulturskulens avslutningskonsert i Tårnsalen på Bergen Kunstmuseum.

Krevjande for lærarane

— Hm. Kanskje eg har ein ekstra boge på kontoret, eg skal sjå etter, seier Kvam, som samtidig får melding om at ein elev har blitt sjuk. Det tek ho med stor ro, like avslappa som korlærar Belinda Olsson verkar ovanfor si ikkje mindre krevjande oppgåve: Å få heile skokken av julepynta ungar frå skulekoret på Haukeland skole til å stå nokolunde roleg, halde konsentrasjonen, og til og med hugse kva dei skal synge. Dei minste er berre seks år gamle, men det hindrar ikkje ei av dei, Sunniva Helene Palmark, i å synge solo på den aller første songen på programmet: «Jon Blund» frå tv-serien Skomakergata.

Høgt og frimodig

Med hendene fint falda på magen syng ho høgt og frimodig inn i mikrofonen: Hvem er denne karen..

— Likar du å synge solo? spør BT etterpå.

— Solo?

— Ja, det er å synge åleine, likar du det?

— Ja.

— Er det første gong du syng?

— Ja, men eg har dansa før.

— Er det ikkje litt skummelt?

— Nei, seier Sunniva med eit breitt og overbevisande smil, og føyer til at ho går i 1A, og har vore i skulekoret eit halvt år.

Solist og bursdagsbarn

Neste solist er Andrea Littere Bjerknes på fiolin.

— Eg er ni, nei ti år, kjem ho på, for ho har bursdag nettopp i dag. I motsetning til Sunniva er Andrea litt nervøs før konserten, der mange foreldre kjem for å høyre på. Men ho gler seg også, og så tek ho solist-oppdraget nærast på sparket, utan mykje tid til perfeksjonering. Konserten i går var eit samarbeid mellom elevar frå kor-, orkester,- og visuelle kunstfag ved Bergen kulturskole. Englar var gjennomgangstema, og kunstelevane hadde målt englar som var overført til lysbilete og på konserten skulle visast som lysshow på veggene. Nokre store englefigurar med venger av stoff og sølvpapir pynta opp Tårnsalen, laga av kunstlærar Torunn Brandanger. Og cellisten? Jo, Kristin Kvam fekk lånt ein boge frå ein annan musikklærar – og litt harpiks.

GLADE JUL: Rundt 100 elevar ved Haukeland skole er med i skulekoret. I koret er også (frå venstre) Marie Vallers Friis, Elida Karina Reknes og Agnes Wilhelmsen. Og dei kan både «Glade jul» og «Det lyser i stille grender».
FOTO: KNUT EGIL WANG