Den tidlegare friidrettsmannen og Sogndal-lensmannen Kjellfred Weum søkte seg til ein stilling ved politikammeret på Rjukan like etter at han fylte 56 år, og kunne gå av med full pensjon året etter.

Som lensmann i Sogndal måtte han ha jobba i ti år til.

«Stal» ideen

— Eg fekk ideen av kollega Arne Bjørnødegård i Årdal. Han gjorde nøyaktig det same like før. Eg overtok jobben hans på Rjukan.

— Reine stafettpinnen, altså?

— Ja, vi hadde ei perfekt veksling, forsikrar friidrettsmannen.

Han har aldri angra ein dag, ikkje berre på grunn av tidlegare pensjon.

— Dei 13 månadane på Rjukan var noko av den beste tida eg har hatt i politiet, eit triveleg kammer med trivelege kollegaer, fortel han.

Tapt skanse

Aldersgrense og pensjonsalder i politiet kan bli ei like varm potet til våren som sjukepleiarstreiken som no er i gang.

Både lensmenn og politimeistrar har sidan 1995 hatt 70 år som aldersgrense, med høve til full pensjon frå fylte 67 år.

— Vi tapte ein viktig skanse då Administrasjonsdepartementet fekk trumfa gjennom at aldersgrensa skulle gå opp frå 68 til 70 år for å bli likt med andre i Staten, seier Svein Stuberg i Lensmannsforbundet til BT.

Ulike reglar

Stuberg karakteriserer 70 års aldersgrense som «graverande høg» i eit yrke som det lensmennene utøver. Han viser til at lensmannsbetjentar har 63 års aldersgrense, politibetjentar 60 år, begge med høve til full pensjon tre år tidlegare.

Ein politibetjent kan såleis gå av som 57-åring, ein lensmannsbetjent som 60-åring og ein lensmann som 67-åring.

Nestleiar Arne Jørgen Olafson i Politiets Fellesforbund vedgår overfor BT at dei ser på ulike aldersgrenser som problematisk.

Leiaren i Hordaland lensmannslag, Vossa-lensmannen Kåre Rykke, fortel at mange lensmenn er opptekne av aldersgrensa, og ynskjer å kunne slutta før dei bli utbrende.

— Det er greitt at ein er så klar at ein er klar over det, kommenterer han.