I burettslagoppgangen i Åsane er det to trapper opp til døra til Kirsten Baldersheim. Så mange trappetrinn har ikkje den lungesjuke 79-åringen pust til lenger. Faktisk har ho knapt pust igjen til noko som helst. Å stå opp og kle på seg om morgonen er så tungt at ho må kvile lenge etterpå.

— Eg hadde harka, hosta og spytta i eit halvt år. Då eg kom til legen, var det for seint, fortel Baldersheim (79) til BT.

For to år sidan fekk ho diagnosen langt framskriden kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols) med emfysem. Mange års røyking har redusert lungekapasiteten til kring tretti prosent. Tallause gonger er ho blitt innlagt på Haukeland sykehus i hui og hast på grunn av surstoffmangel.

For litt over ei veke sidan skreiv BT om kols, som rammar fleire og fleire. I dag får like mange nordmenn kols som lungekreft, og særleg røykarar over 75 år er utsette. Men det er lite kunnskap om sjukdomen i helsevesenet og samfunnet elles.

- Svada og blablabla

Kirsten Baldersheim har stått i sjukeheimskø i Åsane i snart eitt år. I mellomtida er helsetilstanden berre blitt verre og verre, samtidig som pleietilbodet er redusert til middag på døra tre dagar i veka, og heimehjelp ein gong i månaden. Dagleg stikk ein pleiar innom i nokre minutt for å dosere medisinen.

No fryktar dottera Turid Løvaas at tida er i ferd med å renne ut. I fleire år har ho stått på for at mora skal få det omsorgstilbodet ho treng, men føler at ho berre blir møtt med skuldertrekk.

Denne veka sende Løvaas klage til Fylkeslegen i Hordaland.

— Åsane bydel har ikkje forståing for kva behov kolspasientar har. Mor mi er ikkje den einaste i denne pasientgruppa som sit slik, sjuk og overlatt til seg sjølv. Mange har denne sjukdomen, og dei blir fleire og fleire, seier ho fortvilt.

- Bagatellisert

— Bydelen meiner at mor mi ikkje treng hjelp, men det gjer ho til det aller meste. Det kan ta to-tre månadar før dei svarar på brev, og alt eg får tilbake er svada og blablabla, seier Løvaas fortvilt.

— Men det står også mange andre trengande i dei lange sjukeheimskøane?

— Ja, men det er trist ikkje å bli teken vare på i det heile. Eg har opplevd mykje graverande i omgang med pleie- og omsorgstenesta i Åsane, blant anna fått høyre at «mor di spelar deg berre opp psykisk»

Frå sofaen, der mor hennar sit, kjem det resignert: - Seinast i går sa ein sjukepleiar til meg at kols er haussa opp. Alt blir bagatellisert.

Høg prioritet

Fylkeslegen i Hordaland vil ikkje kommentere saka før ho er ferdigbehandla om ein månads tid.

— Men denne typen saker har høg prioritet hos oss, seier Helga Arianson.

Helse- og sosialsjef i Åsane bydel, Christen Larsen, vil ikkje uttale seg om saka før fylkeslegen har sagt sitt.

— Men generelt kan eg seie at under femti personar står i sjukeheimskø i Åsane i dag. Dei som er sjukast, får plass først, seier Larsen.

LUNGESJUK: Kolspasient Kirsten Baldersheim (79) har berre tretti prosent lungekapasitet, og klarar knapt nok å bevege seg i stova si i Åsane. Dottera Turid Løvaas er opprørt over at mora ikkje får sjukeheimsplass etter å ha venta eit år, og klagar saka inn for fylkeslegen.
FOTO: GIDSKE STARK