TERJE ULVEDAL

KrF i Sogn og Fjordane er delt på midten i spørsmålet om kven som skal ha førsteplassen, og det som normalt vil vere ein sikkert plass på Stortinget ved valet neste haust.

24 år gamle Osmundnes tok plass på Sogn og Fjordane-benken då Magne Aarøen døydde av kreft i fjor sommar, og har hatt ei raskt stigande karriere. Gulen-ordførar Trude Brosvik har av mange blitt rekna som ei kommande dronning i Sogn og Fjordane KrF. For fire år sidan takka ho nei til nominasjon og ein sannsynleg førsteplass på lista. No risikerer ho å sitje tilbake med andreplassen.

Kjøttvekta

For basert på kjøttvekta til lokallaga ligg Osmundnes eit lite hestehovud føre. Dersom utsendingane stemmer slik kommunepartia har nominert, vil Osmundnes få 29 og Brosvik 23 stemmer på nominasjonsmøtet 20. november. Men det som kompliserer reknestykket, er at fleire lokallag har hatt delte tilrådingar.

Nominasjonsnemnda i partiet skal ha møte 3. november. Mykje tyder på at det kan ende med ei delt innstilling på førsteplassen. Nominasjonsprosessen har så langt vore svært sivilisert, og begge leirar understrekar at partiet har eit luksusproblem med to gode kandidatar.

Baluba i Høgre

Men om det ikkje er strid i KrF, så er det til gangs uro i Høgre. Sitjande stortingsrepresentant Sverre Hoddevik ser ut til å bli kasta. Tannlegen frå Selje, som er inne i sin andre periode, har gjort seg upopulær i delar av partiet, mellom anna ved å forsvare regjeringa i tjukt og tynt.

Nominasjonsnemnda har sett Mathias Råheim frå Gaular på førsteplass. Den svært turbulente nominasjonsprosessen vil kulminere på Skei Hotell laurdag 30. november.

I utgangspunktet har Råheim der eit lite fleirtal i salen. Men etter alle solemerke vil det kome benkeforslag på Hoddevik, som til no ikkje har signalisert at han vil trekkje seg. Det er uansett ikkje beint fram for Råheim. «Hoddevik-leiren» kan koma til å lansere Hornindal-ordførar Bjørn Lødemel som motkandidat.

Bølgjer om andreplass

I kampen om den viktige andreplassen på Ap-lista bak Reidar Sandal står det mellom Clara Øberg frå Sogndal og Ingrid Heggø frå Høyanger.

I Senterpartiet er Liv Signe Navarsete soleklar førstekandidat. Ho får truleg følgje av ungdomspolitikaren Erling Sande på plassen etter.

I SV går det mot renominasjon av Heidi Grande Røys som for fire år sidan sikra partiet stortingsplass frå Sogn og Fjordane for første gong.

I det siste partiet med teoretiske sjansar til å vinne mandat i fjordfylket, Frp, peikar alt mot seljeværingen Åge Starheim. Og etter at Høgre ser ut til å vrake Sverre Hoddevik, kan det vere eit lurt trekk med ein ytre-nordfjording på topplassen.

DRONNINGEMNE: Gulen-ordførar Trude Brosvik har av mange blitt rekna som ei kommande dronning i Sogn og Fjordane KrF. ARKIVFOTO: MARIANN AARSETH