Utbetaling tek ikkje slutt før den siste optimist forstår at prosjektet er eit luftslott, eit mørkt pengehol, der investorane har tapt alle pengane.

Eksempla er mange. Den høgprofilerte kunnskapsparken IT Fornebu gjekk i fjor med dundrande ti millionar i underskot. For fem år sidan vart prosjektet lansert som unikt i Europa. Målsettingen var å bygge opp eit «nytt og kunnskapsbasert næringsliv» i Norge. I dag står titusenvis kvadratmeter golvareal på Fornebu tomme. Dot.com-boble-sprekken og IT-massakren har knekt prosjektet.

Men dagleg leiar i IT Fornebu fekk i fjor kontantbonus på 300.000. Styreleiar, ikkje ukjende Tormod Hermansen (eks. Telenor), får 200.000 i honorar i år. Sjefslobbyist Per Morten Vigtel, arkitekten bak IT Fornebu, kan slå fast at IT Fornebu skuldar naive private investorar fem millionar. Desse pengane får dei sjølvsagt aldri att frå kunnskapsparken IT Fornebu.

For å unngå den sikre død for selskapet Hardangerbrua har lobbyist Torbjørn Wilhelmsen fått 600.000 kroner i honorar i løpet av 12 månader i 2002. Og reiser inn til Stortinget, for igjen å fortelja om milliardprosjektet over Hardangerfjorden, har ifølgje årsrekneskapen kosta 132.000. Også desse pengane til konsulent Wilhelmsen.

Feitt har det også vore for konsulentane Grethe Knudsen og Bengt Martin Olsen. Saman med eit par andre såkalla «rådgivarar» har dei to, på rekordkort arbeidstid, skrive rekningar for ein million kroner til Carl Fredrik Seim sine selskap (BT 28. juni); Eit sugerøyr i ruinhaugen etter eit skipsverft i Bergen sikra solid timeløn til konsulentane også her.

No jobbar politiet for å finne ut om konsulentane, utan å vite det, har jobba for Seim-selskap som også har andre sider enn reine luftslott.

Og så er spørsmålet: Kvifor høyrde ikkje SIVA, DnB og Telenor på forskingsselskapet Sintef, det største innan teknologi i Nord-Europa? Sintef åtvara sterkt mot «å vedta» ein kunnskapspark på Fornebu.. Nesten ufatteleg at seriøse aktørar i dette landet kan vera så naive at dei trur at ein kunnskapspark kan «vedtas»

Innovasjonsarbeid er blytungt. Og utgangspunktet er ifølgje siste utgåva av EU-kommisjonens «European Innovation Score-board» (EIS) uhyre svakt i Norge. Konsekvensane av nedbyggingen av norsk industri blir trekt fram som eit skrekkens eksempel; medverkande til bakrusen. Langtidsutdanna norsk ungdom som kjem ut frå høgskulane og universiteta møter ikkje lenger ein einaste bedriftsleiar som ventar på dei. Ein tragedie.

Norge har bygd ned kompetansen innan teknologi raskare enn alle andre i Europa, ifølgje EIS. Då er det godt vi har luftslotta. Dei sikrar feite lønningar til konsulentane og rådgivarane; også til dei inkompetente.