– Løyvet frå NVE var ikkje uventa. Dei har drive sakshandsaming på byråkratisk vis. Ein klage vil no løfta saka opp på rikspolitisk plan, seier dagleg leiar i folkeaksjonen mot luftspenn, Klaus Rasmussen.

Les også: Får byggje gigant-kraftline

– NVE kunne godt ha brukt regelverket sitt meir progressivt, men kan vera redd konsekvensane. Seier dei nei til Hardanger, kan dei også seia nei til Radøy. Eigentleg er det bra med skilje mellom byråkrati og politikk, seier aksjonsleiaren.

Han meiner å ha fått ein fot i dørsprekken hjå Ap, og ser ikkje på pessimistisk på situasjonen. Open høyring i Stortinget om kabelbruk står høgt på ynskjelista.

Leiar i Energi— og miljøkomiteen på Stortinget, Gunnar Kvassheim var tidleg ute med kritikk av NVE sitt vedtak i går. Han minner om at olje- og energiministeren har lova Stortinget nye retningsliner og meir bruk av kabel.

– Lina i Hardanger kolliderer fundamentalt med natur- og miljøinteressene, seier Kvassheim.

Kortslutning

«Korttenkt beslutning» er karakteristikken til fylkesleiaren i Venstre, Ulvikordførar Mona Hellesnes.

NVE forstår slett ikkje konsekvensane av å rasera Hardanger som turistattraksjon, hevdar både ho og gruppeleiar Harald Hove. Det var ikkje kraftleidning om monstermaster som fekk Vestnorsk fjordlandskap inn på UNESCO si verdsarvliste.

– NVE har ikkje funne det «lønsamt» med kabel på ei einaste strekning. Miljø- og reiselivsargumentet har tapt på alle nivå, konstaterer Hellesnes. Ho ventar at Åslaug Haga stoggar vedtaket. Elles risikerer regjeringa aksjonar.

Fylkesleiar Jørgen Melve i SV både trur og ventar at den raudgrøne regjeringa syter for at landskapet i Hardanger ikkje vert rasert.

– SV har ein klinkande klar politikk i høve til slike luftspenn. Vi vil ikkje ha ei slik rasering av landskapet, seier Melve, og viser til eit landsstyrevedtak der Hordaland SV fekk gjennomslag.

Ille som Hardangerbrua

Norges Naturvernforbund har alt bestemt seg for å anka konsesjonsvedtaket, fortel leiaren, Lars Haltbrekken.

– Regjeringa må sjå at dette dreiar seg om naturverdiar som vi ikkje har råd til å rasera, seier han.

Haltbrekken har ikkje sansen for NVE si samanlikning med Hardangerbrua. I utgreiinga står det at kraftleidningen i liten grad vil vera dominerande samanlikna med andre inngrep, til dømes vegar, hytteutbygging og den komande Hardangerbrua.

– NVE driv ansvarsfråskriving. Eitt stort inngrep rettferdiggjer ikkje eit nytt. Tvert om fører det til at summen av inngrep blir enda større, seier Haltbrekken.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg seier seg lei for NVE sitt vedtak.

– No må vi stå på vidare for å få ei betre løysing, seier ho, men minner også om at høgspentlina skal sørga for nok straum til Bergensområdet og sikra forsyninga i Hordaland.

KAMPEN TEK TIL: – Ein klage vil no løfta saka opp på rikspolitisk plan, seier dagleg leiar i folkeaksjonen mot luftspenn, Klaus Rasmussen.

NESTEN I MÅL: Transformatorstasjonen på Høysæter er målet for 420 kV-kabelen frå Sima i Eidfjord. Foto: KNUT STRAND
KNUT STRAND