Planane er presenterte for formannskapet i kommunen. Problemet med hotellprosjektet i Sogndal er at finansieringa ikkje er i orden.

Lidvin Osland er styreleiar for selskapet. Han seier bygget skal bli eit fyrtårn i Sogndal.

Slakteritomta i Sogndal har vore sterkt omstridd. Det var her Lidl ønskte å etablere seg, men kommunen nytta forkjøpsretten og stoppa den tyske daglegvarekjeda.