Med bakken 85 meter under seg opnar Johan H. Nilsen luka i botn av vindmøllenavet og ser kollegar i branntroppen og Fitjar Kraftlag som små prikkar mot terrenget. Brått dinglar han i lause lufta, men firer seg roleg ned i klatretau og spesialsele.

— Høgdeskrekk har eg ikkje, så dette gjekk fint, seier Nilsen etterpå.

Den 16 mann store frivillige branntroppen i Fitjar har fått ei for dei ny og ukjent utfordring med dei 44 vindturbinane i Midtfjellet. Sist onsdag var fire av dei i vindparken og øvde evakuering frå turbinane saman med Fitjar Kraftlag og den tyske turbinprodusenten Nordex, skriv avisa Sunnhordland.

— Dette gjekk tivoli ein høg gang, sa Ronny Korneliussen til avisa etter å ha blitt firt trygt ned på bakken.

At vindmøller kan ta fyr, er det mange eksempel på frå utlandet. I mars 2010 brann også ein turbin på Kvaløya i Finnmark.

Varabrannsjef Torgeir Steien i Fitjar understrekar at å sløkkja ein vindmøllebrann oppe i sjølve turbinen og navet er ei så å seia umogeleg oppgåve. Det handlar i tilfelle om å få evakuert folk som måtte vera inne i konstruksjonen. Det er bakgrunnen for at Fitjar brannvesen har starta øvingar som dette. Ifølgje Steien var det ingen problem med å finna nok motiverte brannmenn til å delta.

I Tyskland er det eigne spesialgrupper i brannvesenet til å ta seg av vindmøllebrannar. Klatregruppa i Bergen brannvesen kan bli ein aktuell innsatsstyrke i Midtfjellet vindpark om Fitjar branntropp skulle ha behov for assistanse. Men varabrannsjef Steien opplyser at eit slikt samarbeid enno ikkje er formelt avtalt.

Vinturbinane i Fitjarfjellet yter 2,5 megawatt (MW) kvar. Inne i vindmøllebeinet går det ein liten heis og ein stige 80 meter opp til navet. Rotorblada er 45 og 50 meter lange.