Her avslører vi korleis førarhytta i gigantkranen kan nåast med mindre fotarbeid.

Dei første hundre metrane kan no gå med transportheisen på utsida av austre tårnbein. Frå eine nivået i forskalingshuset her, går det gangbru over til det vestre tårnbeinet. Via innvendige stigar og luker klatrar ein opp til nivået som har gangbru ut til kranen. Og vips, så er ein nesten oppe.

Dobbelt så høgt

På Bu-sida er 100-metersmerket på tårnbeina nyleg passert, og dei mest vindfulle hundre metrane står att.

Heisen vert forlenga etter kvart som glideforskalinga flyttar seg oppover. Etter kvart kjem også brusambandet ut til kranen høgare opp.

Samspel

To kranførarar må samarbeida under støypinga på Bu-sida av fjorden. Her er det lengre avstand frå bilvegen til tårnet enn i Vallavik.

Ein kran lyfter betongtubba frå betongbilen til mellomstasjonen, den andre tek den vidare til tårnet, samstundes som tomtubba går i retur motsett veg.

EGEN TIL TOPPS: Den loddrette transportheisen til høgre, bru mellom forskalingane og bru ut til leideren inne i kranstamma til venstre, fotografert frå gang- og sykkeltunnelen på Bu-sida. FOTO: ARNE HOFSETH