OVE ARNE OLDERKJÆR

Sintef i Trondheim har no levert ein førebels rapport om brotet på ei av hovudlinene mellom Austlandet og Vestlandet. Feilen som kutta straumen ein liten time om ettermiddagen fredag 13.februar blei lokalisert til ein skøyt på 300 kilovoltlina mellom Sauda og Nesflaten.

Feitt gav luftlomme

Lineskøyten svikta fordi samanføyingsprosessen gjekk feil på grunn av eit feittlag utanpå leidningen. Leidningsendane blir normalt pressa saman ved hjelp av sprengstoff.

Feittet førte til at det oppstod luftlommer i skøyten, slik at straumen blei ført gjennom stålkjernen i leidningen og ikkje fordelt på aluminiumtrådane rundt. Stålet blei overoppheita og svikta, konkluderer Sintef.

Ein slik feil skal automatisk føra til utkopling av leidningen utan at nokon mistar straumen. Men i dette tilfellet blei to leidningar kopla ut, og dermed var det massive straumbrotet eit faktum.

Seks gonger

Statnett skriv på si internettside at slike feil sjeldan oppstår. Dei siste 30 åra har det skjedd seks gonger på slike liner, men berre denne eine gongen — 13.februar - blei fleire enn ein leidning utkopla.

På den bakgrunn ser Statnett ingen grunn til å leggja om det databaserte feilovervakingssystemet. Eit nytt system vil tvert om auka risikoen for utkopling, trur Statnett.

Straumbrotet 13.desember kosta statsselskapet truleg rundt 30 millionar kroner.

Ved hjelp av varmesøkjande kamera er alle lineskøytar i Sør-Noreg undersøkt. I tillegg til den mellom Nesflaten og Sauda er endå ein skifta ut.