Onsdagens øving i Fensfjorden vil gi eit innblikk i korleis oljesøl kan nedkjempast meir effektivt enn berre med lenser.

Eit grunnstøytt tankskip er scenariet for øvinga. For første gong vil eit helikopter bli brukt til å fly inn lasteutstyr som skal pumpa olje frå havaristen til ein lekter.

90 deltakarar

– Det vil spara masse tid i ein krisesituasjon, seier Jan Allers, som er leiar for Norsk Oljevernforening sitt oljevernseminar i Bergen denne veka.

Rundt 90 norske og utanlandske deltakarar på seminaret vil oververa øvinga i Fensfjorden.

Kystverket, StatoilHydro og det interkommunale utvalet mot akuttforureining i Nordhordland står bak øvinga.

Ifølgje Jan Allers var det håp om at eit britisk Hercules-fly skulle koma til Bergen for å demonstrera kjemikaliespreiing som ein metode for å bryta ned oljesøl på sjøen. Det let seg ikkje gjera denne gongen.

«Full City»

Norsk Oljevernforening har i år fått avtale med det britiske selskapet Oil Spill Response om tilgang på eit Hercules-fly for spreiing av såkalla dispergeringsmiddel for biologisk oppløysing av oljesøl.

På oljevernseminaret i Bergen vil Kystverket leggja fram erfaringar med oljesølet etter lasteskipet «Full City» som gjekk på grunn 31.juli ved Langesund i Telemark. Frå Sverige kjem ein representant som fortel om korleis det svenske kystverket har utstyrt sin nye flåte av fleksible oljevernskip.