— Motorsykkelen trefte eit busskur. Etter det havna sykkelen i ei ur ca. 10-15 meter nedanfor, medan føraren låg igjen ved busskuret, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Vitner til ulykka

Torsdag kveld skreiv Haukeland Universitetssjukehus i ei pressemelding at mannen er alvorleg skadd. Fredag kveld er tilstanden uendra.

Både brannvesen og helsepersonell rykte ut. Ulykka hende mellom Dalsvatnet og Markhusvatnet i Hyllestad kommune, på fylkesveg 57.

Føraren var ein mann på 50 år som hadde hjelm på seg.

Det var vitner til ulykka, men det er førebels for tidleg å seie noko om årsaka.

— Ulykkesgruppa er på vei og kjem til staden rundt klokka 20.30 i kveld. Dei vil foreta målingar og berekningar på staden og undersøke sykkelen, seier Rimmen.

Bremsespor

BT har snakka med ein mann som til ulykkesstaden kort tid etter ulykka. Han fortel at mannen var del av ein sykkelgjeng på ti-femten syklar.

— Det er ein fjelltopp akkurat der, så han har køyrd ut på det høgaste punktet. Det var bremsespor frem mot busskuret, og like før bremsespora er det ei ferist, utan at eg veit om det har noko med ulykka å gjere, seier mannen.

Klokka 17.25 landa legehelikopteret med mannen ved Haukeland sjukehus.

Tips eller bilder? Send MMS/SMS til 2211, eller skriv e-post