Han sel juletre frå Ryfylke og har rigga seg til med store, lysande og luftige julenissar tre stadar i Bergen. Men nissen utafor Kiwibutikken på Skjold får ikkje stå i fred.

– Først skar dei hòl i han slik at han seig ned for to – tre dagar sidan. Då lappa vi han, men natt til i dag kom dei attende og stakk hòl tre plassar for å få han ned. Sidan har dei skore bort ein stor del av andletet, seier Hetland. Han anar ikkje kven det er som vil nissen vondt.

– Eg vil ikkje tru det er ein konkurrent, men det kan vera ungdommelege fantestrekar. Tydeleg er det at nokon ikkje vil ha nissen der.

– Men du gir deg ikkje. Du har fått nissen opp att?

– Ja, og no står han her som ein einøygd banditt, seier Hetland.

NYLAPPA: Nissen på Skjold er lappa, og er komen på beina att, men manglar rein stor bit av fjeset.
HELGE HANSEN