Takka vere dei kom straumen attende etter å ha vore borte i mange timar.

— Eg har ei halv pakke flatbrød att. Dersom eg et fire flak flatbrød kvar dag, så skal dei halde nokre dagar, seier Andrea Vindenes.

90-åringen bur i eit av dei 680 husa mellom Angeltveitsjøen og Misje i Fjell kommune som var utan straum i et halvt døgn i går. Ved 04.30-tida om morgonen forårsaka nokre skjærer kluss med spenninga i eit straumanlegg, og dei streikande i BKK kunne ikkje gjere noko.

Dermed gjekk tryggleiksalarmar og pustemaskiner over på batteri. Mange frykta også at maten i fryseboks og kjøleskap skulle verte dårleg.

- Bra med streik

Vindenes sette sin lit til flatbrødet. Men ho ville ikkje høyre snakk om at det skulle vere synd på ho.

Tvert imot tykkjer ho det er bra at nordmenn streikar litt.

— Då eg vaks opp i 1920-åra høyrde vi berre om at folk streika i utlandet, aldri her heime. No ser det ut til at Ola og Kari har lært, seier ho.

Ho var heller ikkje redd for at batteriet på tryggleiksalarmen hennar skulle gå ut.

— Då satsar eg på englevakta. Eg høyrde forresten om ein med så mange griser som vart råka av straumbrotet. Dei er jo like viktige som vi er, slår Vindenes fast.

Fare for liv og helse

For at innbyggjarane i Fjell skulle få straumen sin tilbake att, måtte det vere akutt fare for liv og helse. Berre då får arbeidarane løyve til å arbeide medan streik går føre seg. Det fekk dei i går.

— Me har fått melding om at BKK skal reparere feilen med ein gong. Det gjer dei etter at vi har sendt søknad om dispensasjon for dei med tryggleiksalarm eller pustemaskin, sa fungerande rådmann i Fjell kommune, Terje Handal, ved 16-tida i går.

Straumen tilbake

Ein god time seinare var straumen attende hos alle dei 680 husstandane på Fjell.

Feilen var nemleg slik at alle husstandane ville få tilbake straumen dersom det vart innvilga dispensasjonar.

Også i Åsane fekk dei straumen attende i går etter at han hadde vore borte om lag eit døgn, frå klokka 17.53 på onsdag. Årsaka er den same som i Fjell.