— Det blei brukt for dårleg materiale og maling. I tillegg er lufttemperaturen for høg der bassenget er. Det gjev stor fordamping, og fører til at vatn kjem inn på plassar det ikkje skulle, oppsummerer Johanne Fuglesang i klasse 5C ved Florø barneskole.

Nysgjerrigper

Denne veka fekk klassen andrepremie i den landsomfattande Nysgjerrigper-konkurransen til Norges forskningsråd. Juryen, samansett av kjende forskarar, let seg imponere av femteklassingane frå kystbyen med det skamrusta badeanlegget for saltvatn. Forskarane meiner prosjektet om kvifor Havhesten rustar er solid, grundig, godt dokumentert og at dei unge florøværingane har synt stort potensial som forskarar.

— Vi tok til å sysle med tanken om å vere med på Nysgjerrigper-konkurransen då dei gjekk i fjerde, men då rann det ut i sanden. Men då skulen starta sist haust, tok vi opp att ideen, fortel klassestyrar Else-Marie Seim.

— Kvifor Havhesten?

— I fjor haust sa ei jente at vi ser på kvifor det er så mykje rust i Havhesten. Og så blei det slik. Det hadde nok litt med å gjere at vi har venta så lenge på eit symjebasseng i Florø, og når det endeleg kom var det fortærande at det skulle bli slik.

Intervju, foto og video

Med fire månader mellomrom vitja klassen Havhesten to gonger. Dei tok bilde og video, og dokumenterte korleis det berre blei verre og verre. I tillegg har klassen mellom anna intervjua ekspertar på skipsmaling og korrosjon.

— Heile klassen har vore med. Vi jobba i grupper. Då blei det litt enklare, fortel femteklassingen Johanne.

For andrepremien fekk klassen 10.000 kroner. Pengane skal brukast til klassetur.

— Til Bergen, kanskje? Men det blir ikkje før til hausten, seier Johanne.

I går vanka det også ekstra påskjøning frå kommunen. I form av ti gratis bad i Havhesten, når anlegget ein gong opnar att.....

— Det har aldri vore snakk om å kalle inn elevane som vitne i rettssaka?

— Nei, det har eg ikkje høyrt noko om, ler klassestyraren.

NYSGJERRIGPERAR: Fire av 20 stolte andreprisvinnarar. Frå venstre: Tom Arild Solheim, Marius Reksten Horgen, Ken Durano og Linda Høyvik Nielsen.
Foto: Egil Aardal