— Det kan ikkje beskrivast kor glad og letta eg er, seier medeigar i Pastasentralen Youssef Mohsen.

Pastasentralen må flytte på grunn av bybana, men torsdag signerte Youssef Mohsen ei kontrakt med Job-Holding AS, eigarar av ein bygård i Daniel Hansens gate 9.

Fram til midten av syttitalet inneheldt desse lokala ein pianofabrikk, men har dei siste åra fungert som utleigelokale. Fleire etableringar har kome og gått, mellom anna restauranten Københavnerkroen som gjekk konkurs for fire år sidan.

Lokala i Daniel Hansens gate er betydeleg mindre enn bygget Pastasentralen flytta ifrå, med sin 200 kvadratmeter og 50 sitjeplassar.

— Det beste hadde vore om eg kunne få leige lokale ein annan stad til produksjon, og levere maten halvferdig til restaurantkjøkkenet for vidare tilberedning, seier Mohsen.

Han trur ikkje dette vil gå ut over matkvaliteten, berre medføre meir køyring.

Og det er heller ikkje sikkert at det blir plass til den store vedfyrte pizzaovnen.

No skal arkitekten kome i gang med arbeidet sitt, og deretter blir det nyopning så raskt som mogleg.

Rune Sævig