Lover julebrus

Folkeaksjonen til Lene Fløysand, for å redde julebrusen til Lerum, er krona med hell.

Les også:

Saft- og brusprodusenten opplyser i dag at dei vil setje i gang att julebrusproduksjonen, etter aksjonen som bt.no skreiv om i går.

- I Lerum er vi overvelda over responsen på julebrus-aksjonen. Vi er difor svært glad over at vi i dag kan fortelje at julebrusen frå Sogndal kjem i god tid før nissen, seier Jan Petter Vadheim, administrerande direktør, i ei pressemelding.

I haust såg det ut som julebrusen frå Lerum var historie. No snur Lerum, og legg seg flate for at fleire tusen menneskje dei to siste døgna har gjeve sin støtte til Folkeaksjonen for Lerum julebrus.

Juletradisjon
- I Lerum var vi ikkje klar over at julebrusen så sterkt var ein del av folks juletradisjon, på linje med pinnekjøt og ribbe. Vi er sjølvsagt glade for at det no vert laga ein julebrus som så mange har sterke og gode meiningar om. Så no vert det julestemning også for alle våre julebrus-entusiastar, seier Jan Petter Vadheim.

«Sidan tysdag har det hagla inn fleire hundre epost-meldingar frå heile landet. Folk skreiv og sa dei var redde for julestemninga. Noko liknande har Lerum Fabrikker aldri opplevd i si snart 100 år gamle historie,» heiter det i pressemeldinga.

Jubelbrus
Den unge kvinna som står bak heile aksjonen, Lene Fløysand (23), jublar over julebrus-nyhendinga frå Sogndal.

- Ein gladmelding. No er min og mange andre sin julemiddag redda. Julebrusen er ein stor tradisjon, seier jusstudenten frå Bergen, ifølgje pressemeldinga.

Les også

Siste fra Lokalt

Kranglete mann kom kjørende full på fest

Politiet rykket ut til Rosendal.

Ramponerte flere parkerte biler

Mann sendt til legevakt for å sy sårene etter å ha knust flere ruter.

Her stiller han klokken

«Jeg er kongen av Bergen», ropte mannen etter å ha dyttet på viserne.

- Aldri sett så mye grisekjøring

Her fliser han forbi, tett inntil land i høy fart.

Krasjet på land med båt

Båtfører i 40-årene sendt til sykehus.

Relaterte bilder

FOTO: Paul S. Amundsen

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger