JOHN LINDEBOTTEN

— Vi har visst at internrevisjonen ikkje var heilt nøgde med alt dei fann hjå oss, og har me gjort noko gale, så må me rydda opp i det, seier Erling Raknes til BT.

Erling Raknes er i dag nestleiar i styret i Osterøy Bruselskap. Men han er den som så å seia i eigen person har stått bak opprettinga av selskapet og bygginga av Osterøybrua.

— Eg har ikkje dårleg samvit for måten me har brukt pengane på. Vi har vore sparsommelege, og godtgjersla til dei som sit i styret er ikkje mykje å skryta av. Osterøy Bruselskap er eit nøkternt selskap, seier Erling Raknes.

— Du veit, når nokon skal ut å reisa på konferansar eller liknande, så har alle lyst til å reisa. Men vi er no så sparsame elles. Noverande styreformann i Osterøy Bruselskap, Birker Skår, forklarar det slik:

— Vi har ingen administrasjon, og i styret er vi svært uformelle.

— Eg skjønar det slik at det er enkeltbilag internrevisjonen er misnøgd med. Vi visste at dei ville koma, og dei synte oss også døme på kva dei var misnøgde med. Vi får ta oss nokre mimrekveldar og freista svara på dei spørsmåla som revisjonen stiller, når det gjeld formål med ulike utgifter, kven som deltok på restaurantar og slikt.

Birger Skår tok til som styreleiar i Osterøy Bruselskap våren 2005. Han tok då over etter Ove Kleiveland, som leia styret ein kort periode etter at Erling Raknes gav seg som leiar.

Skår opplyser at han så langt ikkje har fått revisjonsrapporten i hende. Brevet frå Statens vegvesen til Osterøy Bruselskap ligg ute på Internett, men Skår var i dag på reisefot og hadde ikkje høve til å få innsyn i brevet.