Lovendringa frå 1. juli gir einkvar nordmann høve til å tinga vin frå utlandet på internett, og få flaskene levert på døra heime.

Norske siderprodusentar må kryssa fingrane og vona at Vinmonopolet vil forhandla sideren deira.

Vareopplysning på internett vert dessutan effektivt stoppa av lovforbodet mot alkoholreklame. Berre Vinmonopolet har lov til slikt. Nils J. Lekve ved Hardanger Saft— og Siderfabrikk i Ulvik prøvde seg, men fekk påpakning frå styresmaktene, med grei melding om å fjerna alkoholreklamen frå internettsidene sine. Krune AS (tidlegare Kalfaret Kultur i Bergen) har plassert alkoholreklamen på passordsikra område av internettsidene.

Venstre vil ha endring

– Eg vart merksam på diskrimineringa under eit opphald i Italia. Eg fall for ein vin i Toscana, og undersøkte korleis eg kunne få heim fleire flasker enn den vanlege reisekvoten, seier Lars-Henrik Paarup Michelsen.

Han er andrekandidat på Hordaland Vestre si stortingsliste.

– Det er heilt ubegripeleg at Senterpartiet og dei andre i regjeringa kan diskriminera siderproduserande bønder på denne måten, seier Michelsen, opphavleg frå Austevoll.

– Det er heilt på trynet, istemmer siderbonde Nils J. Lekve.

Han er fortørna over at dei same regjeringspartia som avviste Lars Sponheim sine framlegg om lempelegare vilkår for lokale siderprodusentar, no kan tillata import av vin og sider for kvarmann.

– Med denne opninga er ikkje Vinmonopolet tett lenger, og det har oppstått ein ny situasjon, i vår disfavør, understrekar han.

Treng heller fordel

Lars-Henrik Paarup Michelsen krev no lovendring som sikrar norsk sider og utanlandsk vin meir like vilkår. Småskala-produksjon vil han gje fordel i form av lågare alkoholavgift.

Framlegget har desse elementa:

  • La lokale produsentar få informera om sine alkoholhaldige produkt på internett, slik Vinmonopolet har lov til.
  • Tillata demonstrasjonssal og servering ved vitjing i produksjonslokala, til dømes turistar.
  • Automatisk rett til prøvesal gjennom Vinmonopolet.
  • Endra alkoholavgifta slik at dei første 4000 literane årleg blir avgiftsfrie, medan avgiftene aukar ved større volum. Uendra inntekter for staten.Avvist før

– Er ikkje dette ganske likt Venstre-framlegget som leid nederlag sist, trass iherdig innsats også av Rune Skjælaaen i Sp?

– No er situasjonen ein heilt annan, sidan det er opna for individuell import, og dermed høve til å tinga utanlandsk vin og sider via internett, seier Michelsen.

Tollvesenet stadfester at ny ordning for alkoholimport til privat bruk gjeld frå 1. juli i år. Aldersgrensa er 18 år for øl og vin, med opp til 22 prosent alkohol, og 20 år for brennevin.

Det er ikkje fastsett øvre grense for kor mange flasker du kan importera, men styresmaktene kan setja foten ned når mengdene blir så store at det opplagt er til meir enn eige bruk.

Einaste restriksjonen er at speditøren, den som fraktar flaskene til deg, til dømes Posten, er registrert for dette i Helsedirektoratet.

Endring uaktuelt

– Det er ikkje aktuelt for departementet å revurdera dei nye reglane no, seier seniorrådgjevar Hans-Petter Fagerli i Helse- og omsorgsdepartementet.

Ingen har teke initiativ til å endra andre reglar for å bøta på ulempene som norske småskala øl- og siderprodusentar no meiner å ha fått.

Men Fagerli fortel at Vinmonopolet er i dialog med Små alkoholprodusenters forening. Dei har hatt eit møte med foreininga for å informera om kva som er mogeleg innanfor dagens system.

Kva synest du om reglane? Bruk kommentarfeltet.