Når Sunnhordland tingrett blir sett på Grand hotell på Leirvik i dag klokka 9.30, er det ein sørlending med lang juridisk fartstid som styrer saka som skal gå over fire veker.

— Det er klart dette er ei sak folk flest er opptekne av. Eg skal prøva å gje henne ei god og verdig avvikling, seier Jan Ivar Brønn til Bergens Tidende.

Sjøfolk ved sida

Som sine to meddommarar får Brønn to sakkunnige innan sjøvesen.

Jan Ivar Brønn frå Farsund tok til som tingrettsdommar i Sunnhordland etter påske i år.

Etter at han tok juridicum i 1986, har Brønn vore advokat og politijurist i Stavanger, dommarfullmektig i Lyngdal, og ein periode konstituert statsadvokat i Rogaland. 41-åringen har også vore fylkesskattesjef i Rogaland, dei fem siste åra skattefut i same fylket.

Tingrettsdommaren seier at han ikkje er spesielt nervøs føre «Sleipner»-saka.

— Ein får ta saker som dei kjem, likevel karakter. Og medieoppbod har eg handtert før, så det skal gå greitt, seier han.

Fotoforbod

Brønn er klar over at mange aviser og etermedia vil følgja rettsforhandlingane, og han ønskjer eit ryddig forhold til desse.

Etter avtale med partane og i tråd med lovverket blir det fotoforbod under rettssaka, med unnatak av nokre minuttar før retten blir sett på måndag. Deretter vil Brønn sjå til at ingen fotograf hevar kameraet, korkje under rettsforhandlingane eller når tiltalte og vitne går til og frå retten. Fotoforbodet vil gjelda også under dei to synfaringane retten skal gjennomføra til «Sleipner»-vraket og til skipssimulatoren i Bergen.