Ho lova det same i fjor, men måtte bita det i seg då kostnadene sprakk. Men torsdag vedtok Hordaland fylkesting å ta på seg heile kostnadsauken på nesten 300 millionar kroner.

— Har fylkestinget det ja? Då kjem saka attende til departementet, og då skulle det ikkje ta lang tid å få saka oversendt til Stortinget, seier Navarsete. Ho gjer merksam på at arbeidet med stortingsproposisjonen var alt var kome eit stykke på veg då arbeidet vart brote av i haust.

Kostnadsauken på Jondalstunnelen gjer at Hordaland fylkeskommune må låna 532 millionar kroner. Summerer vi finansieringsplanen, endar sluttsummen på formidable 807 millionar kroner, mot 529 millionar kroner etter fylkestingsvedtaket frå mai 2005.

Kraftinntekter

Fleirtalet i fylkestinget, Ap, V, Sp, SV og Frp, meiner at fylket må dekka kostnadsauken med inntekter frå sal av konsesjonskraft etter 2011. Fram til då har fylket kontroll opptil den tidlegare finansieringsplanen på 529 millionar kroner, meiner fleirtalet.

Mindretalet i fylkestinget, Høgre og delar av KrF si gruppe, meinte at det beste for fylket ville vera å venta med Jondalstunnelen til etter 2010. Den venta regionreforma ville då gjera tunnelen om frå fylkesveg til regionveg. Då var det god sjanse til å få meir frå staten enn dei 50 millionane som no ligg i finansieringsplanen. Mindretalet var samd med fylkesrådmann Paul M. Nilsen i at den økonomiske børa for fylket ville verta altfor tung.

Rapport om brua

Når det gjeld det andre store samferdsleprosjektet i Hardanger, nemleg Hardangerbrua, så er prisen på den no inne til gjennomgang hjå konsulentfirmaet Métier. Statssekretær Hege Solbakken seier at dei ventar ein rapport i midten av mai. Konklusjonen der vil avgjera om Hardangerbrua må opp att til ny vurdering i Stortinget. Hovudregelen er at store vegprosjekt skal handsamast på nytt i Stortinget dersom kostnaden har auka med 10 prosent eller meir.

For Hardangerbrua gjekk alarmen då anboda på tilførslevegane låg 30 prosent over det som Statens vegvesen hadde rekna ut.

Den samla prisen på Hardangerbrua med tilførslevegar er så langt rekna til rundt 2 milliardar kroner.

STATENS VEGVESEN, SPONGA