Storberget lovar ekstra ressursar til utbygging av kriminalomsorga i Bergen.

Storbergets besøk kom etter invitasjon frå dei innsette, og dei nytta sjansen til å få sagt kva dei meiner — spesielt om innhaldet i soninga.

- Tankevekkjande

— Eg har fått utruleg mange tankevekkjande innspel her i dag, sa Storberget etter møtet med bebuarane på den opne avdeling D i Bergen fengsel. - Og når mange av forslaga kan gjennomførast utan store kostnader, da blir ein statsråd svært interessert!

— Du sa i fjor haust at ny fløy ved Bergen fengsel eller eit nytt fengsel på Sunnmøre måtte bli realisert i denne fireårsperioden?

— Ja, og det er ikkje blitt mindre aktuelt. Men eg ønskjer ikkje å prioritere dette her og no. Men eg er blitt presentert for svært spennande planar her i Bergen.

Medan problemet med dei lange soningskøane lenge har stått i fokus i region vest, var dei innsette mest oppteken/oppteke/opptekne av innhaldet i soninga. Samtidig peikte dei på samanhengen mellom innhaldet i soninga og tilbakefallsprosent, og at ei betre soning vil vere med på å redusere køane. Den høge returprosenten er ei viktig årsak til køane, meiner dei.

Køane skal vekk

— Soningskøane skal vekk, og det er viktig at vi ikkje lagar institusjonar som berre er soningsfabrikkar. Nye fengselsplassar skal også ha eit innhald, sa statsråden.

— Her fekk eg mange innspel som kan gjere soninga betre, blant anna la dei vekt på at det må bli betre progresjon i siste halvdelen av soningstida. Da skal dei bu seg på å møte samfunnet, og vi må bli betre på rusbehandling og arbeidsretta tiltak, studieplassar og andre soningsformer.

Storberget legg stor vekt på at soninga må bli meir open mot det samfunnet dei innsette før eller seinare skal tilbake til.

— Det blir gjort mykje klokt på det feltet her i Bergen, der ein har fletta saman ulike tilbod innan helse, utdanning og kultur. Det skjer så mykje bra at det er fristande for meg å satse på Bergen. Vi kan heilt klar få til mykje både med soningskøane og innhaldet i soninga.

Møtte 16-åring

Justisministeren kalla Bergen for «mulighetenes by» innan kriminalomsorga, og rosar dei innsette som inviterte han med på diskusjonsforumet sitt denne laurdagen.

— Fleire skulle ha høyrt kva desse fangane hadde å seie. Da ville folk fått eit heilt anna inntrykk av kva som eigentleg foregår i eit fengsel. Eg håpar no å kunne vise at dette er ein stad vi kjem til å satse på, sa statsråden.

I fengselet fekk Storberget også møte den 16 år gamle guten som vart fengsla fredag, og som er sikta for meir enn 30 straffbare forhold siste året. Møtet vart ei sterk oppleving for justisministeren, som tidlegare sjølv har hatt rolla som forsvarar for unge kriminelle.

— Regjeringa meiner jo at barn og unge ikkje skal sitje i fengsel. Det fekk eg sjå ein god grunn for i dag, sa Storberget.

LOVAR Å SATSE PÅ BERGEN FENGSEL: Justisminister Knut Storberget møtte i går dei innsette ved Bergen fengsel, og fekk mange tankevekkjande innspel frå dei som føler fengselkvardagen på kroppen.
VEGAR VALDE