Det rår full forvirring etter at styret i Helse Førde i går ettermiddag gjorde eit vedtak som i praksis inneber at nærsjukehuset i Florø blir avvikla. Sjølv om saka formelt skal fram att på neste styremøte, skal det mykje til før det blir gjort endringar.

Nedlegginga har potensial til å bli ei varm potet på høgt politiske nivå, fordi skiftande regjeringar siste åra har signalisert at sjukehus ikkje skal avviklast. Alt før vedtaket var gjort på styremøtet i går, gjekk tidlegare helseminister Dagfinn Høybråten kraftig ut. KrF-leiaren meiner regjeringa bryt med erklæringa frå Soria Moria, dersom dei godkjenner at sjukehusdørene blir stengde i Florø.

– Ikkje godkjent

Fleire medium melde fredag morgon at Helse— og omsorgsdepartementet torsdag kveld gav grønt lys for at helseføretaket i Sogn og Fjordane kunne avvikle sengeposten i Florø. På bakgrunn av dette kontakta ordførar Bente Frøyen Steindal (Ap) departementet. I følgje Steindal skal statssekretær Arvid Libak (Ap) ha gitt klar melding tilbake:

– Den politiske leiinga har på telefon sagt til meg at dei ikkje vil godkjenne nedlegging, sa Frøyen til pressa etter at styrevedtaket var gjort.

Bergens Tidende bad i går om eit intervju med Libak om samtalen. Som svar på førespurnaden fekk avisa ei tekstmelding. Der skriv statssekretæren:

«Jeg har forsikret om at vi ikke på forhånd har snakket med styreleder og godkjent at de kan legge ned».

Informasjonsavdelinga i departementet opplyste tidlegare på dagen at Libak har gjort det klart at departementet først vil vurdere saka når styret i Helse Vest sluttar seg til eit nedleggingsvedtak.

Klarert i Helse Vest

Det som det derimot ikkje rår tvil om, er at administrasjonen i Helse Vest har gått god for den omstridde nedlegginga. Det sa viseadministrerande direktør Helge Bryne i Helse Vest, som sit i styret for helseføretaket i Sogn og Fjordane. Styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest gav i går ettermiddag uttrykk for at han ikkje finn grunn til å gripe inn.

Det er den dramatiske økonomiske situasjonen som gjer at Florø er sett på dagsordenen. Helse Førde styrer mot eit underskot på nær 90 millionar kroner i år. Innsparingane i Florø er kalkulert til 20 millionar, i tillegg kjem inntekter frå sal av eigedomen. Helse Førde vil drive ein poliklinisk avdeling vidare, men dette skal skje i leigde lokale. Kuttet i Florø er eitt av fleire tiltak som skal redusere utgiftene.

Sterke reaksjonar

I Flora førte vedtaket til sterke reaksjonar i går. Mellom anna skapte det stor irritasjon at tilsette blei informerte om framlegget gjennom media.

– Helse Førde har aldri vore interessert i å drive nærsjukehuset, kommenterte ein kampklar floraordførar då ho gjekk frå Førde sentralsjukehus etter at vedtaket var gjort.

Nærsjukehuset var eit pilotprosjekt på landsbasis, eit statleg helseføretak gjekk saman med kommunane, Flora og Bremanger, om å drive sjukehussenger. Men heller ikkje mellom kommunane har det vore roseraudt. Bremanger har vist lunken haldning til prosjektet.

– Eg er klar over at vi i Flora står åleine. Men vi skal kjempe mot dette vedtaket, seier Frøyen Steindal.

Prøvde i fjor

Også i fjor prøvde Helse Førde å trekkje seg frå nærsjukehusdrifta, men dette blei stoppa. Det same skjedde då føretaket ville gjere fødeavdelinga på Eid om til fødestove. Då greip statsråden inn, og styret måtte gjere om vedtaket.

Det vil difor vere nesten utenkjeleg at Helse Førde, med Helse Vests velsigning, prøver det same på ny, utan denne gongen å ha sikra seg ryggdekning. Styret i helseføretaket kan knapt leve med eit nytt sviande nederlag.

Styreleiar Clara Øberg ville i går ikkje svare på kva ho gjer dersom helseminister Sylvia Brustad seier nei til nedleggingsframlegget.