— Vi skal og må finna ei løysing på dette, seier Gisle Handeland til Bergens Tidende.

— Det var eit veldig sterkt tverrpolitisk ønskje å få dette til også i fjor. Men det var ikkje nok pengar til det. Eg vil setja alt inn på å finna ei løysing på budsjettet for det komande året, seier fylkesordføraren.

Populært

Ungdomskortet er blitt svært populært etter at det kom som ei prøveordning i 1997. For 380 kroner månaden kan alle mellom 16 og 20 år reisa så mykje rutebuss (unnateke Kystbussen) og lokaltog dei berre orkar innanfor fylket. I Hordaland blir det årleg selt 90.000 kort, enkelte kjøper eitt kort for kvar einaste månad i året. Ordninga inneber ei fylkeskommunal subsidiering av ruteselskapa med rundt 20 millionar kroner året.

I første klasse i den vidaregåande skulen resulterer dette i ei forskjellsbehandling ettersom fleire elevar ikkje fyller 16 før seint på året og dermed går glipp av Ungdomskortet frå skulestart.

Ekstrakostnad på brua

På Osterøy er ungdommar frustrerte fordi Ungdomskortet får eit påslag på 400 kroner månaden for alle som passerer bomstasjonen på Osterøybrua med buss, melder avisa Bygdanytt. Ordførar og brustyreleiar Ove Kleiveland lovar å sjå på forholdet.

— Å få til ei betre og meir rettferdig ordning for Ungdomskortet har vi arbeidd med, og kjem til å halda fram med det, seier Hans Aakre, styremedlem i Ungdommens fylkesutval i Hordaland.

— Vi prøvte først å få til ein lågare pris på kortet, noko som viser seg vanskeleg. No arbeider vi for å utvida tilbodet slik at kortet også gjeld ferjer og Kystbussen innanfor fylkesgrensene, seier Aakre.

Venstre sin ungdomskandidat, Lars-Henrik Michelsen, meiner at Ungdomskortet må gjelda alle i den vidaregåande skulen og alle rutegåande transportmiddel innanfor fylkesgrensene; buss, bane og båt, medrekna snøggbåt.

— Korleis kan ein forsvara at fylket skal betala for buss og lokaltog til ungdom i Bergen og indre stròk, men ikkje vil betala snøggbåtbilletten til ungdom frå kysten? spør Michelsen. Som sjølv er frå Austevoll.

<b>LOVAR BETRING:</b> Hordalands fylkesordførar Gisle Handeland (Ap) lovar å betra Ungdomskortet slik at også dei yngste elevane i vidaregåande skule får rabatt.
ARNE NILSEN