Ove Arne Olderkjær

— Eg vil no leggja om prosedyren og sakka på tidlegare i Litlasvinøysundet, seier den 55-årige HSD-kapteinen til Bergens Tidende.

Jan Nessa er inntil HSD si interngransking er ferdig neste veke, teken ut av teneste saman med dei to andre offiserane som var på brua då «Baronessa» gjekk på land med 25 knops fart i Ranavik måndag kveld.

— Eg har ikkje sett på tidlegare praksis som eit faremoment. Men føresetnaden er at det tekniske utstyret verkar. Dersom det er slik at vi skal sakka på fleire mil frå kai, så må rutetabellane leggjast om, seier Nessa.

Over «fartsgrensa»

Teknisk maritim sjef Jan Helge Pile i HSD Sjø seier til Bergens Tidende at «det ser ut som om farten var litt for stor» før framkomst Ranavik. HSD si farvatnskildring tilseier reduksjon til 18 knops fart i god tid før det smalaste på Litlasvinøysundet.

Ifølgje lokalkjende har det vore unntaket at snøggbåtar har redusert farten før det smale sundet. Sjøforklaringa på Stord i går tyder på at «Baronessa» ulukkeskvelden heldt full fart, 27 knop, gjennom sundet og fram mot punktet der svingen er nesten 90 grader styrbord mot Ranavik kai.

Kaptein Nessa sa i sjøretten at han då var komen så langt styrbord at det ikkje var sjanse for å leggja om babord og koma klar land. Han overlet til maskinsjef Roar Grønås (46), som hadde to månaders snøggbåterfaring, å prøva å redusera farten med naudhendlane.

På dei få sekunda som var til rådvelde før grunnstøyting konsentrerte Nessa seg om å finna den beste strandsetjingstaden. Den valte plassen hadde han tenkt ut tidlegare.

— Eg har for vane å sjå etter retrettutgangar dersom noko skulle skje, det gjer eg også når eg fører fly, sa Nessa i retten.

Kapteinen karakteriserte Ranavik som ei vanskeleg hamn. Han sa óg at han vurderte å slå på naudstoppen, men la til at det kunne gjort vondt verre ved at fartøyet med i alt 18 personar om bord til dømes kunne rent i betongkaien.

- Må finna feilen

Kapteinen har 12 års erfaring som snøggbåtnavigatør, tre av dei på «Baronessa». I går gav han eit roleg og tydeleg vitneprov i sjøforklaringa ved Sunnhordland tingrett på Stord.

Jan Nessa seier at bod nummer ein etter ulukka er å finna den teknologiske feilen som gjorde at manøvreringssystemet nekta å lystra då han skulle redusera farten ved Ranavik kai.

Overstyrmann Jan Ove Froestad (27) merka fire timar før ulukka at styrbord motor reagerte eit lite sekund for seint på manøverhendlane då han skulle bakka «Baronessa» ut frå Flesland kai.

Han gav melding til kapteinen, som kontrollerte systemet før framkomst Bergen, utan å merka funksjonsfeil. På returen til Sunnhordland fungerte alt som normalt.

Skal måla stråling

Teknisk maritim sjef i HSD, Jan Helge Pile seier at selskapet skal få målt strålinga frå det nyinstallerte identifikasjonssystemet AIS, som styresmaktene har pålagt alle passasjerførande fartøy.

Fleire mannskap om bord på «Baronessa» og på eit anna HSD-fartøy har meldt om flimrande skjerm på kontordataanlegget om bord og utslag på kartmaskinen etter at AIS (Automatic Identifcation System) blei installert i vinter.

Systemet sender og tek imot data via satellitt annakvart sekund for at alle skip i nærmaste farvatn skal vita om kvarandre. På søsterskipa «Baronen» og «Baronessa» er det kort avstand mellom AIS-sendaren og bruteknologien.

HSD vil ha undersøkt om sendaren også kan påverka datamaskinen som styrer manøvreringssystemet. I samråd med Sjøfartsdirektoratet vil HSD også vurdera å ta AIS-systemet ut av drift på skip før strålingsfaren er avklart.

Elektrikar Odd Kvamme (36) installerte det nye manøvreringssystemet på «Baronen» og «Baronessa» i 2002. Han trur at årsaka til funksjonssvikten måndag var anten straumutfall, som han meiner er lite sannsynleg, eller ein mikroprosessor i dataanlegget, som av ukjende årsaker hang seg opp.

Kvamme vedgjekk at det er eit minus ved systemet at det ikkje er alarm dersom straumen blir broten til manøvreringssystemet.

SAKKAR PÅ: «Baronessa»-kaptein Jan Nessa heldt hovudet kaldt då maskinstyringa svikta, og lovar i framtida å slå ned farten tidlegare ved framkomst Ranavik kai.<p/> FOTO: LENA VERMEDAL