Fylkesordførar Gisle Handeland (A) i Hordaland var raskt på banen med brev til statsråden. Der kravde han både møte med Torill Skogsholm (V) og svar på kva departementet meiner.

Jernbanedirektør Steinar Killi er kjent for å snakke i store bokstavar og å kunne måle «fanden på veggen» for å oppnå det han vil. Difor var det ikkje overraskande at han greip fatt i og påpeika at løyvingane til jarnbaneføremål for 2002 ligg langt under behovet. Faktisk er det slik at investeringsramma for 2002 peikar mot at ein vil oppfylle berre 65 prosent av det som vart langt til grunn under stortingsbehandlinga av nasjonal transportplan for 2002-2011, om nivået for i år blir vidareførd.

Killi slår vidare fast at det er manglande samsvar mellom mål og verkemiddel. Då må ein enten redusere måla, eller styrke bruken av verkemiddel: løyve meir pengar.

Utgangspunktet frå statsråden er det motsette av det skremmebiletet som vart formidla gjennom somme medie i går.

I Sem-erklæringa frå dei tre regjeringspartia frå i fjor haust vart det varsla auka ressursinnsats til jarnbanesektoren.

— Det er ein heilt utenkjeleg tanke å legge ned persontransporten på Bergensbanen. Det ville ikkje vere spesielt lurt - heller det motsette, seier Skogsholm til Bergens Tidende.

Ho strekar under at dei viktige fjernstrekningane fyller ein viktig funksjon.

Utan å ha vurdert og konkludert endeleg om innhaldet i materialet frå Jernbaneverket, seier Skogsholm:

— Eg ynskjer å bruke meir pengar på jernbane. Kva resultatet blir i budsjettet kan eg ikkje seie noko om nå. Vi er midt inne i budsjettprosessen nå. Samstundes vil eg minne om at vi nyttar 350 millionar kroner meir på drift, vedlikehald og investeringar til jernbane i år enn året før.

Ho vedgår samstundes at det er langt opp til investeringsrammene som Norsk Transportplan har lagt opp til.

I rapporten som er oversendt til Samferdsledepartementet er det laga kalkyler basert på vidareføring av løyvingane på 2002-nivå for heile perioden fram til 2011. Her er det rekna på kva ein kan spare inn ved å kutte ut all persontrafikk på fjernstrekningane Oslo-Bergen, Oslo-Stavanger, Oslo-Trondheim og Trondheim-Bodø.