I eldrebustadene på Eide i Valestrand bur fleire eldre som nyttar seg av heimetenestene til kommunen. Dei ønskjer ikkje å stå fram med namn og bilete, men stadfester det tilsynet peiker på — det er for mange personar som kjem innom dørene for å hjelpe dei.

— Eg synest det er ekkelt når det heile tida kjem nye menneske. Då kjenner eg meg ikkje trygg, seier ei eldre kvinne.

I huset like bak bur ei anna i same situasjon.

— Det er for mange som kjem. Ofte veit dei ikkje korleis dei skal setje på vaskemaskinen. Men det er mange som er så kjekke, eg ønskjer ikkje å kritisere.

Kommunalsjef Trine Grønbech har berre eit halvt år bak seg i jobben som kommunalsjef for helse- og omsorg. Ho synest det er nyttig å få eit tilsyn som dette såpass tidleg i jobben.

— Det er ikkje kjekt å få meldt slike avvik, men det er bra at systemsvikt blir avdekka. Eg lovar at me skal gjere alt me kan for å ivareta brukarane. Eg håper at ikkje folk blir engstelege på grunn av dette. Eg har sagt at folk kan ta kontakt med meg i denne saka. Det står eg ved, seier Grønbech og legg til;

— Med ein gong rapporten låg føre, skjønte me at det måtte gjerast strakstiltak. Blant anna skal kompetansen til medarbeidarane kartleggjast.

Kommunalsjefen ber om at manglar og feil skal rapporterast direkte til henne. Ifølgje Grønbech har Osterøy allereie sett i gang eit systematisk forbetringsarbeid innan helse- og omsorgstenesta.