— Innan åtte veker skal dei norske skipa ha fått pengane sine. Men søksmålet deira gjer den nødvendige pengeinnsamlinga her i USA mykje vanskelegare. Dei rettar ein pistol mot sitt eige hovud. Eg forstår ikkje kva det skal vere godt for, seier William K. Sadleir - primus motor for den økonomiske fiaskoen «Sea Trek 2001», der «Statsraad Lehmkuhl», «Christian Radich» og «Sørlandet» vart leigde inn for å segle over Atlanteren til minne om dei første mormonarane.

Det storslåtte skuteeventyret enda i økonomisk katastrofe. Stiftinga bak «Sea Trek 2001» greidde ikkje å gjere opp for seg, og er nå saksøkt for sju millionar norske kroner av dei tre skipa.

Erkjenner gjelda

Også William K. Sadleir personleg er saksøkt, fordi han garanterte for delar av leigekostnadene.

Då Bergens Tidende snakka med Sadleir i førre veke, hadde han enno ikkje mottatt søksmåla. Men han erkjenner at stiftinga skuldar nordmennene millionbeløp, og at han står ansvarleg for delar av gjelda dersom stiftinga ikkje greier å gjere opp for seg.

— Vi gjer vårt beste. Men nordmennene må vere tolmodige. Dei einaste som vil tene på ei rettssak, er advokatane, seier Sadleir, som seier han brukar all si tid på å reise pengane. Dersom det skulle mislykkast, hevdar han at han personleg har nok pengar til gjere opp.

— Men det skal ikkje bli nødvendig. Dette skal ordne seg, seier forretningsmannen Sadleir.

Kampanjar under OL

Han set no sin lit til eit knippe skulpturar som stiftinga har donert til byane Oslo, Liverpool, Portsmouth og Hull. Dei 2,5 meter høge bronseskulpturane skal vere minnesmerke over dei første immigrantane, og velståande amerikanarar er invitert til å betale opp til 90.000 kroner for å få namnet sitt på ein plakett på statuane.

— Vi køyrer kampanjar i radio og på fjernsyn no under OL, og gjer alt vi kan for å reise pengane, seier Sadleir på telefonen frå Salt Lake City.

I Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl kjenner dei seg ikkje spesielt trygge på at Sadleir vil halde ord.

— Dette har han sagt heile tida. Men pengane har ikkje kome enno, seier direktør Per Langhelle.