Statsminister Kjell Magne Bondevik hadde med seg denne nyheita då han i dag møtte partifeller frå heile landet på lokalpolitikk-konferansen til KrF i Bergen.

Ikkje nok

Bondevik vedgår likevel at dette ikkje vil vere nok til å stogge kritikken frå grasrota i partiet, om at regjeringa til no har fått ei distriktspolitisk slagside til Høgre.

— Nei, det er sikkert ikkje nok, men vi vil jobbe med fleire verkemiddel, seier han.

Dei fleste innlegg etter Bondeviks tale i dag tok opp distriktspolitiske spørsmål, mellom anna fylkeskommunen si framtid, kommunesamanslåing og kutt i distriktsverkemidler.

Mellom anna har kommunalminster Erna Solberg provosert mange i KrF med sin draum om at små kommunar bør tvangssamanslåast.