Laurdag kunne naboane Astri Måkestad (45) og Lars-Ove Seglem (27) på Seimsfoss jubla i fellesskap over 2,5 millionar kroner kvar i Lotto-vinst. Midt i sentrum for veddemålet som resulterte i millionrushet på Seimsfoss står Kvinnherads rådmann Trond Sætereng.

På eit motivasjonskurs for kommunalt tilsette for eit par år sidan vedda skulevaktmeister Lars-Ove Seglem med Astri Måkestad, verksemdsleiar for Rosendal Barnehagesenter, om at den då nye rådmannen aldri kom til å bli sitjande i stillinga i to år. Kvinnherad var for liten arena fpr Sætereng, meinte Seglem.

Måkestad vedda imot.

På nyåret i år var det klart at Seglem tapte veddemålet — Sætereng sit solid i rådmannsstolen - og vaktmeister måtte i tråd med avtalen levera inn ein fem vekers Looto-kupong i Måkestads namn.

Til Kvinnheringen fortel Lars-Ove Seglem at han tykte det var forbaska om Måkestad skulle vinna på kupongen og ikkje han. Derfor fylte han ut ein identisk kupong som han leverte inn i sitt eige namn.

Og så gjekk altså begge inn med vinnertala 2-3-17-20-21-22-27 og med toppvinst 2.506.250 kroner og med påfølgjande telefin frå Norsk Tipping på Hamar.

Astri Måkestad fortel at pengane i første omgang skal plasserast i banken. Lars-Ove Seglem får meir enn nok til å betala storvøla på garden sin som han nyleg har gjennomført.

2,5 MILL. X 2: Eit uhøgtideleg veddemål om rådmannen i Kvinnherad gav barnehagesjef Astri Måkestad og skulevaktmeister Lars-Ove Seglem 2,5 millionar kroner kvar i Lotto-vinst laurdag.
FOTO: ARNE LINDEFLATEN, KVINNHERINGEN