Det opplyser divisjonssjef Svein Solheim i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane til bt.no.

Ferja M/F "Selje" krasja inn i kaia på Anda ved 15.00-tida søndag. Reiarlaget har mistanke om at det er ein feil på manøvreringssystemet, og har teke ferja ut av drift.

— Førebels er trafikken omdirigert via Stryn. Vi jobbar med å rokere om og håpar å ha ei ny ferje på strekninga måndag morgon, seier Solheim.