I perioden frå hausten 2007 til mars 2008, unnlot den 58 år gamle Nordfjordingen å syte for at sauene hans fekk nok vatn og stell.

Trakka i sauekadaver

Då Mattilsynet kom på inspeksjon, fann dei 32 daude dyr som hadde krepert på grunn av vanstell og utmagring. Vidare var fire levande dyr så avmagra at dei måtte avlivast dagen etter.

Dei 20 levande dyra som var att i fjøsen var avmagra, og hadde sannsynlegvis trakka i døde dyrekadaver i fleire månader, heiter det i dommen frå Fjordane tingrett.

Frådømt retten til dyrehald

Mannen, som har drive som bonde i mange år, erkjende lovbrotet. I retten blei han dømt til 45 dagar i fengsel, der 30 dagar blei gjort betinga. 58-åringen er også frådømt retten til å drive med husdyr i tre år.

Mannen var klar over at sauene ikkje hadde nok mat, men makta ikkje å gjere noko med problemet fordi han var inne i ein depresjon. Retten peika på alvoret i saka, og la mindre vekt på sjukdomsforholdet.